Opning: Signe Solbergs kunstprosjekt til Norsk helsearkiv

Signe Solbergs kunstprosjekt Follow Rivers ved Norsk helsearkiv på Tynset fortel om levd liv og står i sterk kontrast til arbeidet som går føre seg her: informasjon og formidling av sjukdom og død.

I nybygde, høgteknologiske Norsk helsearkiv på Tynset står digitalisering i fokus. Dette er staden der alle norske pasientjournalar skal bli digitalisert. Det nye arkivet blir eit sentralt ledd i vårt kollektive helseminne ved at dei eldre, bevaringsverdige pasientarkiva blir gjort tilgjengelege for forskarar og pårørande.

I staden for å reflektere over det teknologiske arbeidet som finn stad her, valde kunstnaren å rette søkelyset på sjølve dokumentasjonen, den som fortel om levd liv.

– Eg var meir opptatt av kva informasjonen eigentleg handlar om. Sjukdommar og død. Slik kom tanken om å få noko levande inn i bygget, seier Signe Solberg.

«Livet» i Solberg sine installasjonar handlar primært om metalloverflater som endrar seg over tid, og om lyset som blir reflektert i blankt, rustfritt stål.

Veggen der Follow Rivers er montert, er 21,5 meter lang og nesten ti meter høg. Glastaket slusar inn dagslyset ovanfrå. Kunstverket består av 32 patinerte former av koppar i blå og grøne tonar og fire former i blankglødd rustfritt stål. Statsbygg er byggherrre for nybygget. Foto: Werner Zellien

Kunstprosjektet til Norsk helsearkiv har fått plass i dei delane av bygget som dei tilsette og besøkande oppheld seg i. Verka er montert på den monumentale betongveggen i korridoren i første etasje – også godt synleg frå andre etasje – og i vestibylen. I det 2500 kvadratmeter store bygget er det lagt vekt på reine materiale. Tre, betong og vindaugsflater dominerer.

I himlingen i korridoren sørger overlys for at det kjem dagslys ned på hovuddelen av den todelte installasjonen Follow Rivers. Den består av 32 patinerte former av koppar i blå og grøne tonar og fire former i blankglødd rustfritt stål. Formene endrar uttrykk avhengig av kva for årstid og tid på døgnet ein ser dei. Metallet er patinert over tid slik at det har oppstått ulike valørar i farge og struktur. Dei blanke delane fungerer som speglar og reflekterer lyset i rommet.

Den andre delen av installasjonen er montert i vestibylen og består av fire patinerte former i cortenstål og tre former i rustfritt stål. Cortenstålet har fått patinaen sin frå saltvatn og nedbør.

Den andre delen av installasjonen Follow Rivers. er montert i vestibylen og består av fire patinerte former i cortenstål og tre former i rustfritt stål. Cortenstålet har fått patinaen sin frå saltvatn og nedbør. Foto: Werner Zellien
Tre valørar går igjen i Signe Solberg sine to verk på Tynset: blankpolert stål, rustent stål og patinert koppar. I det turkise og i det brune er forvitringa i gang, tvinga fram av Signe sjølv. Foto: Werner Zellien

Fakta om kunstaren og opninga

  • Signe Solberg (f. 1985) har mastergrad fra Kunsthøgskolen i Oslo, (2006-2011) ved fakultet for visuell kunst.  Ho har hatt separatutstillingar ved Vigeland-museet, Galleri Format Oslo og Bomuldsfabriken Kunsthall, og har deltatt på gruppeutstillingar ved mellom anna Galleri F15, Gustavsberg Konsthall, Les Docs i Paris og Sørlandet Kunstmuseum.
    Signe Solberg har dessutan produsert eit offentleg kunstprosjekt ved nye Kirkenes sykehus (2017) og er kjøpt inn av Froland kommune, Bomuldsfabriken Kunsthall og Norges Bank.

  • Fakta om bygget og opninga:
    Dato: 4.juni 2019
    Klokkeslett: 13.30
    Adresse: Norsk helsearkiv, sjukehusveien, Tynset

    Byggherre: Statsbygg
    Arkitektkontor: Lusparken arkitekter
    Entrepenør:  HENT AS