Tid, minne og forholdet mellom museet og dei som besøker det, står sentralt i kunstprosjektet «Minervas stemme».
Om kunstnarane, og kuratoren
-
Mattias Härenstam (f. 1971 i Göteborg) er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen og Städelschule, Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt. I dei seinare åra har Härenstam hatt større separatutstillingar ved Vigeland-museet og Stavanger kunstmuseum. Arbeida hans er også blitt vist ved Nasjonalmuseet i Oslo, Whitechapel Gallery i London, Herzliya Museum of Contemporary Art i Israel, Kunstraum Bethanien i Berlin og Hubei Museum of Art i Kina. (Sjå også: http://www.mattiasharenstam.com)
-
Marthe Ramm Fortun (f. 1978) er for tida dekan og fyrsteamanuensis ved Kunsthøgskolen i Oslo. Etter utdanninga ved New York University i 2008 har Fortun vist arbeida sine ulike stader og i ulike samanhengar, sist ved Vigeland-museet, Munchmuseet, KW Institute for Contemporary Art, Monnaie de Paris, BOZAR Brussels, Performa 13, MoMA PS1 og Gladstone Gallery i Brussel. (Sjå også: http://martherammfortun.com)
-
Marit Paasche har vore kurator på oppdrag frå KORO. Ho er kunsthistorikar, kurator og forfattar og busett i Oslo. Den siste utstillinga hennar er Hannah Ryggen. Woven Manifestos på Schirn Kunsthalle i Frankfurt (2019). Same året gav ho ut Hannah Ryggen. Threads of Defiance på Thames and Hudson og University of Chicago Press.