For Mattias Härenstam er det å omsette materiale til form ein kamp. – Eg må heile tida forhandle – det er som om treet har ein eigen vilje.
Stamma av alm vog litt over eitt tonn da han begynte. Nå er den slanka ned til 100 kilo, over 90 prosent av massen forsvann undervegs i prosessen. – Eg liker å jobbe reduktivt. Eg tar berre bort, legg aldri til. Likevel har eg brukt over 1000 timar på å få den ferdig. Foto: Magnus Tenge
– Sjølve utholinga begynner med motorsag. Eg lagar ulike «inngangar» som eg arbeider vidare frå, før eg lar dei møte kvarandre. Etter kvart må eg bruke stadig finare maskiner og tradisjonelle hoggjern. Foto: Magnus Tenge
Skulpturen «Betraktere», slik den vart til slutt; Ei klynge med fire mindre uthola former av eik, ask og alm med glasskuler montert inn i botnen. Sett nedanfrå kan dei oppfattast som lysande auge. Foto: Pål Hoff
Alle delane av skulpturane er blitt slipt, pussa og voksa. Det tok si tid. Nærmare bestemt to mann i fire månader. – Det tar like lang tid å pusse som det tar å forme materialet, om ikkje meir, seier Mattias. Fotoet visar «Eksemplar» der han høyrer heime - på museet. Foto: Pål Hoff
Om kunstnaren Mattias Härenstam
-
Fødd i 1971 i Göteborg, utdanna ved Kunstakademiet i Bergen og Städelschule, Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt.
-
Härenstam bur i Oslo og arbeider heime i Noreg og i sommarhuset på Bohuslänkysten i Sverige.
-
I dei 25 åra han har vore kunstnar, har han jobba med eit breitt spekter av digitale og analoge uttrykksformer: måleri, foto, performance, video, installasjonar, grafikk og skulptur. I haust er han aktuell med treskulpturane sine for Universitetsmuseet i Bergen.