Ned mot hamna, står ein 18 meter høg skulptur inspirert av lysstolpen ein finn på så mange kaikantar i Nord-Noreg. Lyset frå skulpturen er retta mot ein pedal på bakken. Når denne vert aktivert strøymer lyden av stemmer frå befolkninga i Bodø i 2014 ut av ein høgtalar i toppen.
Frå bodøstemmer 2014 høyrer vi stemmer frå: Signe Bergithe Anvik (f.1920), Jonas Kolstad (f.1976), Tommy Knarvik (f.1979), Pavel Londak (f.1980), Dane Richards (f.1983), Thomas Jacobsen (f.1983), Trond Olsen (f.1984), Dominic Chatto (f.1985), Ibba Laajab (f.1985), Ruben Imingen (f.1986), Thomas Bråten (f.1987), Jim Johansen (f.1987), Vegard Bråten (f.1987), Lasse Staw (f.1988), Vioux Sane (f.1989), Kristian Brix (f.1989), Badou (f.1990), Anders Karlsen (f.1990), Daniel Edvardsen (f.1991), Zarek Valentin (f.1991), Ulrik Saltnes (f.1992), Ulrik Berglann (f.1992), Martin Pedersen (f.1995), Mari Høj Anvik (f.1996), Audun Mathisen Anvik (f.1996), Morten Konradsen (f.1996), Mathias Normann (f.1996), Patrik Berg (f.1997), Odd-André Lind Nilsen (f.1997), Henrik Aidan Olsen (f.2014).
Hovudtittel for dei fire delprosjekta til Dolven er jeg fant jeg fant – alt er ikke som du tror det er ser du. Alle delane spelar på det som er funne: funne stemmer, funne lys, funne stein, funne fotografi og funne historier. Objekta er lokalt forankra og har ei poetisk og undersøkande tilnærming til korleis vi stiller oss til fortida, forfedrane våre, kultur, lys og natur.