Verket tek i bruk heile himlingen i overbygget og er inspirert av fjellkjeda som strekkjer seg frå Ørsta mot Vartdal med fjelltoppane Saudahornet, Vassdalstinden, Stabben, Liahornet og Bergehornet. Kunstprosjektet i inngangspartiet fortsetter inne i eit større veggmåleri med tittelen «Opposite Mountain Lights (Unfold)». Her er dei 134 triangelformene frå lysinstallasjonen falda ut på veggflata i ein større malerisk komposisjon. «Opposite Mountain Lights» refererer også til verdiar som fysisk kraft, styrke og vern, noko ein òg forbind med politiet si verksemd. Når det er mørkt, lyser verket opp inngangen for dei som passerer forbi.