Samarbeid og fellesskap

Bjørn Melbye Gulliksen

 

Om

Kunstnarkollektivet GRAS produserte politiske silketrykk i eit fellesverksted i Oslo tidleg på 1970-talet, og såg det som ei sentral målsetjing å nå ut til eit publikum utanfor galleriverda. For å oppfylle denne ambisjonen distribuerte dei kunsten sin ut til folket ved å trykke opp ei mengde plakatar av kvart trykk. Ikkje minst fekk dette betydning for dei mest politiske bileta, med adresse til EEC(EU)-kampen og mot USA si krigføring i Vietnam.

Bjørn Melbye Gulliksen sin kritikk av den kronesterke koalisjonen mellom Arbeiderpartiet og Høgre utfordra JA-sida under EEC-striden. Hans silketrykk på basis av ein sterkt forstørra 1000-lapp med portrett av dei smilande partileiarane Trygve Bratteli og Kåre Willoch felt inn, fekk målbere det seinare folkefleirtalets røyst i Unge Kunstneres Samfund sin monter bak spesialglas framfor Stortinget.

Detaljer

Datering

1972

Kunstner

Bjørn Melbye Gulliksen

Kategori

Grafikk

Teknikk og materiale

Silketrykk på papir

Reference

KORO.006393