UiT Norges Arktiske Universitet, campus Tromsø, Administrasjonsbygget

Fargar i rosa og oransje skapar mjuke og sensuelle tonar i Administrasjonsbygget ved Universitetet i Tromsø. Zdenka Rusova har utforma vasskulpturen som set sitt preg på glashallen i bygget.

(ufo), Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: Kjell Ove Storvik

Om prosjektet

Zdenka Rusova (f. 1939) er ein av dei kvinnelege pionerane i norsk kunstsamanheng. Ho var den første kvinnelege professoren i grafikk ved Statens kunstakademi og har også vore rektor ved same stad. Ho blei då den første kvinna som fekk ei slik stilling ved eit kunstakademi i Norden.

Mellom ei lang rekke separatutstillingar sidan 1960-talet og fram til i dag har Rusova fått fire offentlege kunstoppdrag. Eit av dei er i Administrasjonsbygget ved Universitetet i Tromsø, der eit åtte meter høgt glaskunstverk set eit sensuelt, stoffleg preg på rommet. Kunstverket står i ein stor hall med glastak og stod ferdig i 1989.

Nedetter veggen, langs glaset i kunstverket, renn det vatn ut i eit lite basseng i den nedste etasjen. Golvet er av rosa fauskemarmor, og den rike, levande rosafargen i marmoren blir tatt opp i det rosa og oransje glaset i kunstverket. Glaset spelar også saman med vatnet og med bakveggen i betong. Den kurva ytterkonturen gjer kunstverket mjukt i uttrykket. Som kunstnar er Rusova kjend for sitt sanselege biletspråk, der ho pendlar mellom det geometriske og det organiske, mellom det abstrakte og det kroppslege.

Kåre Kivijärvi (1938–1991) er ein sentral skikkelse i norsk kunstfotografi. Dei store, mørke fotografia med sterke, ekspressive motiv gjorde Kivijärvi til den første norske fotografen som også blei heidra som biletkunstnar. Universitetet i Tromsø ønskte at ein viktig nordnorsk kunstnar som Kivijärvi skulle vere representert i kunstsamlinga, og valde å plassere verka av han i ein sentral bygning som Administrasjonsbygget. Her finst seks verk av Kivijärvi: Essen, Frå vandring, En pike, Malaga, Baktapur, En gate og På gjengrodde slåttemarker.

Detaljer

Adresse

Hansine Hansensvei 18, 9037 Tromsø

Kunstnere

Kåre Kivijärvi
Zdenka Rusova
Guttorm Guttormsgaard

Ferdigstilt dato

01.01.1990

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva
Hilde Hauan Johnsen

Arkitektkontor

J.Kristoffersen Arkitektkontor

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Ikke tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk