Skulpturen Recombinant Place: Cloaked Mirror Body er tilbake

Dei siste dagane har det skjedd ting utanfor Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Den svarte, høgglansa amfiskulpturen til Knut Åsdam Recombinant Place: Cloaked Mirror Body er tilbake etter eit lengre fråvær, no reparert for skadar og sett i stand.

Remontering av Recombinant Place: Cloaked Mirror Body, Knut Åsdam
Remontering av Recombinant Place: Cloaked Mirror Body, av Knut Åsdam

I sin generasjon er Knut Åsdam ein av våre mest internasjonalt høgakta kunstnarar, og eit av dei viktige arbeida hans, skulpturen «Recombinant Place: Cloaked Mirror Body» har vore eit kjennemerke i landskapet mellom Kubaparken, Akerselva og dei store grøntområdene kring Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Den U-forma skulpturen er senka ned i graset, og fungerer som ein benk eller eit slags amfi for så vel studentar som forbipasserande.

Etter mange år med slitasje og manglande vedlikehald, trong skulpturen ein omfattande reparasjon. Reparasjonen er i hovudsak finansiert av Arkitektur- og designhøgskolen og handsama av KORO. Det har ikkje vore enkelt, fortel konservator hjå KORO, Fredrik Qvale.

– Skadane var svært store. Det hadde gått mange år utan at skulpturen hadde fått noko særleg vedlikehald – den blanke overflaten var blitt heilt matt. Bruken av skulpturen har vore hard – den har blitt brukt som skaterampe, er blitt tråkka og leika på, og inni amfiet hadde nokon fyrt opp eit bål. Så det er ikkje så rart at den såg ut som den gjorde, seier Qvale.

Årsakene til at skulpturen ikkje har fått det naudsynte vedlikehaldet, er samansette, fortel Qvale. Viktigast er det at ansvarsfordelinga mellom skulen og Statsbygg ikkje har vore klart nok kommunisert. Det er no tatt fatt i – eit liknande etterslep på vedlikehaldet vil ikkje skje igjen.

Recombinant Place: Cloaked Mirror Body av Knut Åsdam ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
Recombinant Place: Cloaked Mirror Body av Knut Åsdam ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Skulpturen er utforma i glasfiberlaminat i ein djup svartfarge, og eit tjukt lag med gelcoat er det som har gitt den den karakteristiske blankheita. For ein meir varig blankheit, har reparatørane valt å erstatte gelcoaten med svart lakk.

– Gelcoaten gjorde at skulpturen blei stiv og meir sårbar for sprekkar. På grunn av lakken er den ikkje like glatt og blank lenger, men den ser likevel uendeleg mykje betre ut no enn den gjorde før reparasjonen, seier Qvale.

Og det er mange som gledar seg over at skulpturen er tilbake.

– Eg har kome i prat med fleire studentar på Arkitektur- og designhøgskolen når vi har vore der for å klargjere remonteringen. Dei fortalde at dei har sakna benken sin. Det er ein av grunnene til at vi har strukke oss ekstra langt for denne skulpturen. Den er sentral, kjend og mykje sett, og mange har eit kjært forhold til den, seier Qvale.