Vågestykke er ein serie med tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskolen i Bergen. Målet med kunstprosjekta er å aktivisere dei som oppheld seg på og rundt høgskulen og sjå nærmare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar.
I løpet av hausten 2016 vil tre prosjekt realiserast: Luftballett, Artist in Residency med Tamrat Gezahegne og Nedbør med Inger Wold Lund.
Vågestykke, Luftballett 6.-9. september, 2016, Kronstad
6. september vil det, om vêret tillèt det, utspele seg ein hanggliderdans i lufta over Høgskole i Bergen. Dette er ei framføring med to pilotar, ein sopran og ein lyddesignar som improviserer og speler saman med lyden av flygande venger. Framføringa er leda av Margrethe Kolstad Brekke, kunstnar, og Jon Gjerde, verdsmeister i akrobatisk hangglider, og bygger på utviklinga innan feltet høgdevindkraft, ein teknologi som er under utforsking og som krevjar tenking utanfor vande kategoriar. Jon Gjerde er ein av gründarane i feltet. Kunstprosjektet vil markere starten av Luftballett framtidsforum.
Spørsmålet som driv kunstprosjektet er korleis fornybar energi kan sjå ut – kva er alternativa til petroleumsutvinning? Dragar – flygande vindmøller – syner seg å vere eit mogleg svar. Luftballett framtidsforum er opent for alle og vil gå føre seg i eit skogholt på Kronstad. Skogholtet er tilrettelagd ved hjelp av fire ungarske ullgrisar, ein potetåker, nabolagsborn og Øystein Nesheim. Målet med framtidsforumet er å løfte fram og diskutere spørsmålet om korleis vi møter energibehovet på ein berekraftig måte. Forumet blir leda av Ragnhild Freng Dale, og rundt bålet i skogen vil studentar og tilsette møte eksterne gjestar for løysingsorientert diskurs om moglege vegar ut av fossilalderen
Luftballett består av ei gruppe på 15 personar, som på kvart sitt vis samhandlar med fagmiljøet på Høgskolen i Bergen:
Jon Gjerde, verdsmeister i akrobatisk hangglider
Olav Martin Bråtveit, hangglider-pilot
Hilde Annine Hasselberg, sopran og elektro-komponist
Øystein Nesheim, scenograf
Benedicte Brun, økolog
Ragnhild Freng Dale, programleiar
Thorolf Thuestad, lyddesignar
Christian Høie, kokk
Solvei Hanmei Losnegård, dragekunstnar
Randi Brecke, sekretær
Margrethe Kolstad Brekke, kunstnarleg ansvarleg
Bjørn Kjærand Haugland, hangglider-pilot og konsernleder DNV(gl)
Lars Schmidt, T Jay
Philippe Badiane, sosial entreprenør
Nina Dronova, historikar og produksjonsassistent
Vågestykke Artist In Residence, AIR, september 2016: Tamrat Gezahegne
Vågestykke har etablert eit Artist in Residence, AIR,kor tanken er å late kunstnarar frå heile verda spandere tid på HiB, Kronstad. Den inviterte kunstnaren får møte fagmiljøet, etablere kontaktar og observere verknaden på dagleg basis over ei periode. Tamrat Gezahegne, busett i Addis Ababa i Etiopia, er den første kunstnaren Vågestykke inviterer til AIR, i første omgang for perioden 5. til 31. september 2016. Gezahegne får rolla som kunstnarleg observatør av den sosiale og faglege aktiviteten på høgskulen, og av det andre kunstprosjektet i same periode: Luftballett.
Tamrat Gezahegne kan i denne samanhengen bidra med eit blikk utanfrå på den elles så heimlege diskusjonen kring forvalting av energi, kunstnarleg virke som sosialt engasjert arbeide, etiske spørsmål og andre tema vi lett oppfattar som sjølvfølgje. Perioden skal resultere i/føre til eit kunstverk som realiserast i løpet av 2017.
Vågestykke Nedbør, ei lydvandring av Inger Wold Lund, frå 3. november
Nedbør er den første av to lydvandringer, kor ein via nedlasta lydfilar og hovudtelefonar blir leda gjennom delar av skulen. Nedbør er ein serie med historier og betraktningar om ting som er lett å oversjå, som farga på ei plante eller korleis lyset skin gjennom eit vindauge. Intensjonen er å bygge oppunder og verne om evna til å sjå ting på nye måtar og såleis utvide sanseintrykk av kvardagslege omgivnader, både for besøkande og for dei som dagleg nytter skulen.
Nedbør tek utgangspunkt i perioden med mykje regn: haust og vinter. Ei lydvandring er ei innspelt lydfil som formidlar informasjon, normalt gjennom handheldt elektronikk som ein mp3-spillar eller ein telefon, til ein besøkande ved ein sjåverdigheit som eit museum. Det finnast òg lydvandringer for sjåverdigheiter utandørs. Mediet har sidan det først blei introdusert òg vorte nytta av kunstnare til å formidle subjektive betraktningar over utvalde omgivnader.
Lydvandringane Nedbør og Opplett er skrive og utvikla av Inger Wold Lund, og realisert i samarbeid med lydkunstnaren Claire Tolan.
Nettside om kunstnar.
Vågestykke fortset med fleire kunstprosjekt våren 2017. Les meir om Vågestykke her.