Statped søraust Hovseter

Ein installasjon av benkar med rumpeavtrykk, neonrør forma som ordet «jeg» og to speglar gir barn og vaksne ved Statped søraust Hovseter, sjansen til å oppleve kunst med både syn og hender.

Jeg - er en variabel størrelse, Jeannette Christensen. Fotograf: Signe Marie Andersen

Om prosjektet

I samband med ombygging av lokala til Statped søraust Hovseter i Oslo er Jeannette Christensens verk Jeg – er en variabel størrelse frå 2008 kjøpt og installert.

Statped søraust på Hovseter, tidlegare kalla Huseby kompetansesenter, er ein del av Statleg spesialpedagogisk teneste (Statped). Dei arbeider for at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov skal kunne ta aktivt del i utdanning, arbeid og samfunnsliv.

Christensens verk er ein installasjon med to benkar av stål. Benkane er dekt med lys betong kor det er laga avtrykk av menneskekroppar som har sete der. Over kvar benk heng eit kvitt neonrør forma som ordet «jeg». På veggen bak heng det ein rund spegel, slik at begge neonarbeida blir spegla på motståande vegg.

Kunstverket er mogeleg å oppleve også for dei med synshemming, med det sterke lyset i neonrøra og benkar som kan utforskast med hendene. Det inviterer til sansing, leik og refleksjon rundt kva det er å vere eit «eg». Spegelen minner om kor viktig spegling i bokstaveleg og overført tyding er for kjensla av kven ein er, og korleis identitet endrar seg over tid. Avtrykka på benkane er i ulik storleik, så ein kan setje seg i dei og kjenne etter om ein passar inn – eller berre sjå på kunsten på motsett side.

Jeannette Christensen (f. 1958) er utdanna ved mellom anna Vestlandets kunstakademi og École nationale supérieure des beaux-arts i Paris. Ho er professor i biletkunst ved Kunsthøgskolen i Oslo, og har arbeidd med installasjon, skulptur og fotografi sidan tidleg på 90-talet. Verka hennar skaper gjerne refleksjon rundt skulpturomgrepet, tid og materialitet.

Eit marmorrelieff av Inger Sitter som opprinneleg blei laga til svømmehallen i Skådalen skole for hørselshemma, har fulgt med da virksomheita blei flytta. Det lyse marmormaterialet med sine mange ulike teksturar og den svakt bølgande overflata, leier tankane til svaberg og stein. Det var eit tilbakevendande tema i Sitter si motivkrets. Den nye plasseringa i trappehallen tek vare på hensikta med det taktile verket; at det skal kunne tas på av barn og unge som oppheld seg der.

Detaljer

Adresse

Gamle Hovsetervei 3, 0768 Oslo

Kunstnere

Jeannette Christensen
Inger Sitter

Ferdigstilt dato

05.09.2017

Prosjektansvarlig

Stine Arnet Høyem , KORO

Kurator

Yngvild Færøy

Arkitektkontor

Solli Arkitekter

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk