Liv Bugge har bede innsette i to fengsel om å forevige spor i fengselsbygget. I tillegg har ho sett opp veggar i luftegardane med same temperatur som menneskehud.
– Eg har egentlig alltid tenkt på fengselsopphald som eit forsvinningsnummer. Straffa er ei frihetsberøving, men ein forsvinner og fra samfunnet, seier kunstnar Liv Bugge.
Fengsel er robuste og harde konstruksjonar. Dei er laga for å skilje dei innsette frå resten av befolkinga, og inviterer ikkje bebuarane til å setje sitt personlege preg på omgivnadane. Likevel finst det mange små spor etter dei som har vore der. Det har kunstnar Liv Bugge tatt utgangspunkt i når ho har gjennomført kunstprosjekt for Ullersmo fengsel i Akershus og Eidsberg fengsel i Østfold.
Det blir snakka over 60 språk i norske fengsel. Det var difor viktig å finne fram til eit kunstuttrykk som kan bli forstått uavhengig av språk, og som samtidig seier noko om sams erfaring. Kunstprosjektet har fått tittelen To accept theirs, to make it mine, to wish it for myself, og delar av det er gjennomført som ein workshop for ei lita gruppe
innsette.
– Eg hadde ein ide om å spore enn slags kollektiv historikk, at vi saman spora folk som hadde vært der før. Det kan være både aggresjonsuttrykk, slitasje – hvor man for eksempel har sete på en spesiell måte i lang tid, stidannelse, eller den klassiske rissinga i veggen for å telle dagar.
Bugge tok avstøypingar av spora og overførte dei til bronse. Slik blir ytringane gitt verdi, samtidig som stiliseringa og abstraheringa gir høve til språkleg refleksjon rundt kva som ligg i dei.
Som del av same prosjekt har kunstnaren fått sett opp to varmeveggar i luftegardane. Overflata har same temperatur som menneskehud, 34 grader. Det går ikkje an å sjå på veggen at den er varm, men når ein lener seg inntil den, kjennest det som veggen gir ei berøring tilbake, som ein kropp. To til tre personar kan stå inntil veggen samtidig, og kan slik oppleve ein felles varme utan å røre kvarandre.
Kuratorar til kunstprosjektet har vore Elin Maria Olaussen og Karen Christine Tandberg.
Kunstprosjektet blir opna torsdag 20. september, med førehandspåmeldte deltakarar.