Fire dagar i grenseområdet

Dark Ecology er eit treårig kunst- og forskingsprosjekt som har base i nordområda mellom Noreg og Russland. Frå 26-30. november vil deltakarane bli presentert for nye kunstprosjekt i byane Kirkenes, Murmansk, Zapolyarny og Nikel.

"krysning/пересечение/conflux" Signe Lidén. Photographer: Dark Ecology

Første del av prosjektet Dark Ecology føregjekk i oktober 2014, den andre delen startar torsdag 26. november i år. For deltakarane ventar fire dagar med foredrag, presentasjon av nye kunstprosjekt og utforsking av eit landskap som har tiltrekt seg reisande i lang tid.

Lucas van der Velden, ein av initiativtakarane til prosjektet, fortel kva som ligg bak prosjektet.
– Bak omgrepet mørk økologi finst ein tanke om at økologien er «mørk»; den set ikkje mennesket i høgsetet, og den er ikkje grøn og vakker. Den nordlege regionen er særleg påverka av forureining og utnytting av naturressursane. Der finn ein både tilsynelatande urørt natur og tung industriell forureining. I våre dagar er det minskinga av den arktiske sjøisen, jakta på naturressursar og kombinasjonen av urørt natur og ei storstilt industriell forureining i grenseområda som skapar debatt og tvingar oss til å tenkje nytt om menneskeskapt forureining, seier van der Velden.

Han fortel om programmet undervegs:

– Den amerikanske filosofen Graham Harman og den engelske forskaren og kunstnaren Susan Schuppli skal halde foredrag. Fem nye bestillingsverk vil bli presentert på turen. HC Gilje vil presentere den nye videoinstallasjonen Barents (Mare Incognitum) og lys- og rørsleinstallasjonen The Crossing. Tatjana Gorbatsjevskaja og Katya Larina vil utforske byen Nikel gjennom dei unike materiala som byen har skapt. Hilary Jeffery har i samarbeid med lokale musikarar gjennomført Murmansk Spaceport. Ved Kjerringstupet blir Joris Strijbos sin kinetiske lyd- og lydinstallasjon IsoScope vist, og Margrethe Pettersen tek med deltakarane på ei lydvandring ved Postmestervannet i Langøra, med utgangspunkt i samspelet mellom artar under teppet av snø.

IsoScope, Joris Strijbos . Photographer: Dark Ecology

Denne delen av Dark Ecology set òg tonen for Sonic Acts Academy, som finn stad i Amsterdam frå 26. til 28. februar 2016.
– I Amsterdam vil vi kaste lys over kunstnarisk forsking i alle sine formar. Programmet skal skje på ulike stader i byen og kunstnarar, teoretikarar og forskarar blir inviterte til å vidareutvikle forskinga si gjennom inspirerande foredrag, nyskapande konsertar, filmar og arbeidsverkstader.

Dark Ecology er initiert av kurator Hilde Methi i Kirkenes og Sonic Acts i Amsterdam, som samarbeider med norske og russiske partnarar. Gruppa ynskjer å foreine kunstnarisk praksis og økologisk tenking på nye måtar. Dei skapar nye nettverk og legg til rette for kunstnarisk arbeid som på ulike vis speglar og går i dialog med  klimasituasjonen i Barentsregionen.

Da del 1 av prosjektet var over, blei det laga ein kort videopresentasjon. Sjå bilde, videoar og les meir på nettsida til Dark Ecology.

Prosjektet er støttet av KORO (URO).