Statped søraust Hovseter er ein del av Statleg spesialpedagogisk teneste (Statped) og arbeider for at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov skal kunne ta aktivt del i utdanning, arbeid og samfunnsliv.
Jeannette Christensens verk Jeg – er en variabel størrelse er ein installasjon med to benkar av stål. Benkane er dekt med lys betong kor det er laga avtrykk av menneskekroppar som har sete der. Over kvar benk heng eit kvitt neonrør forma som ordet «jeg». På veggen bak heng det ein rund spegel, slik at begge neonarbeida blir spegla på motståande vegg.
Kunstverket er mogeleg å oppleve også for dei med synshemming, med det sterke lyset i neonrøra og benkar som kan utforskast med hendene. Det inviterer til sansing, leik og refleksjon rundt kva det er å vere eit «eg». Spegelen minner om kor viktig spegling i bokstaveleg og overført tyding er for kjensla av kven ein er, og korleis identitet endrar seg over tid. Avtrykka på benkane er i ulik storleik, så ein kan setje seg i dei og kjenne etter om ein passar inn – eller berre sjå på kunsten på motsett side.
Kurator for kunstprosjektet har vært Yngvild Færøy.
Les meir her.
Offisiell opning av Bygg A, Statped søraust, Hovseter, skjer tysdag 5. september kl. 13.30.