Krigens krav på Haakonsvern

Ståle Sørensen har kalla skulpturinstallasjonen til Haakonsvern for Krigens krav. Med tjue raude piler som står ned i bakken, illustrerer han behovet for styrke og kontroll til å bli den som treff og ikkje sjølv blir treft.

Krigens krav Ståle Sørensen. Photographer: Ståle Sørensen

– Ideen kom ganske naturleg, både formalt og innhaldsmessig. Pila representer det å treffe eller å bli treft. Eit forsvar vil jo i sin ytste konsekvens handle om det, seier Ståle Sørensen.

– Pilforma er ein strek. Dette gjorde det mogeleg å lage eit verk som er i samtale med arkitekturen på ein ganske dramatisk måte. Oppgåva var spennande og eg synest resultatet fungerte godt i praksis. Det var interessant å jobbe med ein så annleis oppdragsgivar som Forsvaret. Det blir mange lag av historier og kontekstar i ein slik samanheng, og det kan vere både utfordrande og vanskeleg.

Haakonsvern i Bergen er hovudbase for Sjøforsvaret. 3500 offiserar, sivile og vernepliktige har arbeidsplass ved det som ofte blir kalla eit samfunn i miniatyr, med brannstasjon, sjukestove, postkontor, kyrkje, lege- og tannlegekontor, kjøkken, brakker og verkstadar.

Verket er plassert utanfor eit nytt, stort fleirfunksjonsbygg på Haakonsvern. Det består av tjue høge, raude skulpturar forma som piler som står med spissen ned i og rundt ei sirkulær sementform av betong. Denne «blinken» fungerer også som sitjeplass. Ein lyskastar er montert slik at pilene kastar skugge på veggen bak om kvelden. Ser ein berre skuggane, liknar dei like mykje på blomar i knopp som på piler. Slik illustrerer kunstverket Sjøforsvaret si verksemd samtidig som det opnar for andre perspektiv og gir høve til avkopling. Sjå meir på prosjektsida.

Tittelen Krigens krav viser til dei ekstraordinære eigenskapane krig og forsvar krev, og er også namnet på ei av øvingane sjørekruttane må igjennom. Bogeskyting har lange tradisjonar i Forsvaret. I meir overført tyding illustrerer skulpturen kva soldatane blir øvde opp i. Det handlar om å halde kontrollen og yte maksimalt – å sikte, treffe og unngå å bli treft sjølv.

Ståle Sørensen er utdanna ved Chelsea College of Arts og Kunsthøgskolen i Bergen. Han jobbar med skulptur og installasjon i forskjellige materiale og har gjennomført fleire offentlege kunstprosjekt, mellom anna ved Valle Hovin stadion i Oslo, Brattørkaia i Trondheim og ei rekkje skolar.