Ledig stilling som kommunikasjons­rådgivar

KORO arbeider med produksjon, formidling, forvaltning og kunnskaputvikling av kunst i offentlege rom. Vi har som mål at flest mogeleg skal oppleve samtidskunst av høg kvalitet i offentlege inne- og uterom over heile landet. KORO er statens fagorgan for kunst i offentlege rom og er underlagt Kulturdepartementet. Vi har 17 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo.

For snarleg tiltreding har KORO ledig ei fast stilling som:

Kommunikasjonsrådgivar
Den som blir tilsett, vil få rolla som redaktør for nettsidene til KORO og ha ansvaret for koordinering og oppfølging av informasjonsverksemda på alle aktuelle medieflater. Vedkommande vil vere eit sentralt bindeledd til pressa og vil delta i planlegginga og gjennomføringa av kommunikasjonsorienterte arrangement og tiltak. Kommunikasjonsrådgiveren vil ha ansvar for koordinering og kontakt med frilans skribenter, fotografer, oversettere og grafiske designere. I tillegg vil stillinga bli tillagt oppgåver med innhaldsproduksjon i samband med informasjon og formidling. Stillinga vil inngå i direktørens stab. Det er eit mål for KORO å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med ulik etnisk bakgrunn. KORO er ei IA-bedrift.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i journalistikk, mediefag eller andre relevante fag
  • Redaktørerfaring
  • Erfaring frå journalistikk innenfor ulike medium
  • Erfaring med pressehandtering
  • Gode IT-ferdigheter
  • Innsikt i og interesse for samtidskunst
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • Erfaring frå offentleg verksemd er ein fordel

Utdanningsretning

  • Journalistikk, mediefag eller anna relevant utdanning

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, minimum bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, løysingsorientert, nøyaktig og effektivt
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Språk

  • Engelsk
  • Norsk (bokmål og nynorsk)

Vi tilbyr

  • Interessante arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø
  • Lønnsplassering som rådgjevar/seniorrådgjevar i stillingskode 1434/1364 i Statens lønsregulativ. Løn etter avtale.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Andre opplysningar

  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Fast stilling
  • Arbeidsstad: Kristian Augusts gate 23, 7. etasje, 0130 Oslo
  • Ein må rekne med noko reising
  • Søknadsfrist: 14desember 2018
  • Kontaktinfo: direktør Svein Bjørkås, 991 63 991 eller administrasjonssjef Kari Richardson, 926 01 537

Berre søknader sendt via Webcruiter vil bli vurdert. Søk her