Ledig stilling som kunstformidlar

KORO arbeider med produksjon, formidling, forvaltning og kunnskaputvikling av kunst i offentlege rom. Vi har som mål at flest mogeleg skal oppleve samtidskunst av høg kvalitet i offentlege inne- og uterom over heile landet. KORO er statens fagorgan for kunst i offentlege rom og er underlagt Kulturdepartementet. Vi har 17 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo.

For snarleg tiltreding har KORO ledig ei til to faste stillingar som kunstformidlar(e).

Kunstformidlar

KORO arbeider med å auke den allmenne kunnskapen og interessa for kunst i offentlege rom og vil som følgje av dette styrke kompetansen og kapasiteten i kunstformidlingfaget med ein til to stillingar. Den eller dei som vert tilsett i stillinga/ stillingane skal planlegga, sette i verk og gjennomføre målretta formidlingstiltak knytta til kunst som er under produksjon og kunst som inngår i KOROS kunstsamling. Formidlingsarbeidet i KORO skal rettast mot tre miljø:

  • Eit allment publikum i alle aldre, frå ulike samfunnslag, busatt over heile landet
  • Publikum på mottakarinstitusjonane, i offentlege bygg og andre kunstoffentligheter der KORO arbeider
  • Profesjonelle kunstfaglege miljø, nasjonalt og internasjonalt

Til stillinga(ne) som kunstformidlar ynskjer vi folk med kunsthistorie eller anna relevant kunst- og formidlingsfaglig bakgrunn. Søkarane må ha solid kunnskap om norsk og internasjonal samtidskunst og ha brei erfaring frå formidlingsarbeid.

Interesse og forståing for dei særegne utfordringane og høva som er knytt til formidling av kunst i offentlege rom, vil bli vektlagt.

Stillinga (ne) vil inngå i staben til direktøren. Det er eit mål for KORO å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og å rekruttere folk med ulik etnisk bakgrunn. KORO er ei IA-bedrift.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå i kunsthistorie eller andre relevante kunst- og formidlingsfag
  • Brei kunnskap om og erfaring med formidling av samtidskunst
  • Innsikt i og interesse for utfordringar og høve knytte til formidling av kunst i offentlege rom
  • Erfaring med allmennretta og målgruppespesifikke formidlingstiltak
  • Erfaring med kunstformidling på ulike plattformar – også digitale
  • Gode IT-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne

Utdanningsretning

  • Kunsthistorie eller anna relevant kunst- og formidlingsfaglig utdanning

Utdanningsnivå

  • Utdanning frå høgskule/universitet på mastergradsnivå

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God forståing for utfordringar og mogelegheiter knytta til formidling av kunst i offentlege rom
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta, løysingsorientert, nøyaktig og effektivt

Språk

  • Norsk (bokmål og nynorsk)
  • Engelsk

Vi tilbyr

  • Interessante arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø
  • Lønsplassering som rådgjevar/seniorrådgjevar i stillingskode 1434/1364 i Statens lønsregulativ. Løn etter avtale
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Andre opplysningar

  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Fast stilling
  • Arbeidsstad: Kristian Augusts gate 23, 7. etasje, 0130 Oslo
  • Ein må rekne med noko reising i stillinga
  • Søknadsfrist: 14desember 2018
  • Kontaktinfo: direktør Svein Bjørkås, 991 63 991 eller administrasjonssjef Kari Richardson, 926 01 537

Berre søknader sendt via Webcruiter vil bli vurdert. Søk her