Leiken og lengten tilbake

– Nostalgi er drepande, seier Constance Tenvik. I kunsten sin nærmar ho seg heller eksistensielle spørsmål gjennom det tenåringsaktige og leikande.

Constance Tenvik . Photographer: Pierre Björk

Av Merete Røsvik Granlund

Når ein har ein masse eksistensielle spørsmål, er det kanskje lettare å gå litt tenåringsaktig ut. Då kan ein tillate seg å vere meir sårbar, sa Constance Tenvik då vi hadde snakka saman ei stund over ein kaffi i Oslo sentrum. Ho viste til sitt eige kunstnarlege uttrykk, men i ettertid ser eg at dette var eit tema vi nærma oss frå mange kantar gjennom samtalen: Kva gjer oss sårbare og korleis taklar vi det – som individ og som fellesskap?

Men la oss ta det frå starten: Constance Tenvik (f. 1990) er i starten av kunstnarkarrieren, men har alt markert seg med eit karakteristisk, karnevalistisk uttrykk. Ho arbeider med teikning, måleri, skulptur og performance samt hybride kunstformer med innslag av teater, musikk og dans. Ho har også laga illustrasjonar for tidsskrift og aviser som Fanfare, Morgenbladet, Natt & Dag og Billedkunst. Nyleg har ho publisert ei «lookbook» med kunst og kostyme i Sparebluss-serien til Lord Jim Publishing. I desember opnar ho soloutstillinga Myk Harnisk på Unge Kunstneres Samfund i samarbeid med Kunstnernes Hus i Oslo.

Midt i alt dette har ho funne tid til å gjere eit oppdrag for KORO: tre teikningar som skal henge i soldatbrakker på Terningmoen militærleir. Dei har titlane Gardemann med hestehår og rose #1, #2 og #3.

Du har hatt mykje å gjere og vore utstilt i både innland og utland sidan 2012. Du har også fått gode kritikkar. Kva betyr det for deg å få eit oppdrag for KORO?

Eg synest det er kjempestas. Det er gjevt å få vise arbeida mine til eit stort publikum. Nå kan folk som ikkje ville ha kome på opningane mine, få sett teikningane i forbifarten, i kvardagen sin. Eg opplever oppdraget som ei tillitserklæring. Alt er så ordentleg, frå innramming til korleis prosessen er organisert, alt blir arkivert på ein skikkeleg måte, og det har vore fint å jobbe med kurator for prosjektet, Stine Arnet Høyem.

Til oppgraderinga av Terningmoen militærleir var planen å kjøpe inn ferdigstilte arbeid av deg, men du ønskte sjølv å produsere noko spesielt for leiren. Kvifor det?

Eg jobbar ofte stadsspesifikt. Når eg har gjort performance, har eg måtta ta aktivt omsyn til kor eg er. Det gjer dessutan oppdraget meir interessant. Og alt eg seier ja til, prøver eg å gjere fullt ut. Det er ikkje så farleg om det blir meir jobb av det.

 

Gardemann med hestehår og rose #3 av Constance Tenvik.

Det er noko nesten romantisk ved tittelen Gardemann med hestehår og rose #1, #2 og #3?

Tittelen har humor i seg, som dei fleste teikneoppdraga eg gjer. Du kan kanskje seie at eg har ein indre misjon om å finne ein leiken strek. Det er vanskeleg om ein skal la seg binde for mykje til det verkelege. Eg vil jo ikkje vere heilt i eventyrland heller, men den tanken om å plukke blomar, å gjere soldaten til kavaler, syntes eg var morosam. Då eg for nokre år sidan troppa opp på døra til Morgenbladet med ei skoeske med teikningar, spurde eg om eg kunne gjere noko à la Fredrik Stabels Dusteforbundet for dei. Det enda med at eg fekk lage illustrasjonar til diverse artiklar, men eg insisterte på eit skeivt blikk.

Kan du seie litt om prosessen som førte fram til dei ferdige bileta til Terningmoen?

Eg visste at dei skulle visast i ein militærleir kor mange unge menneske har førstegongsteneste, så eg lurte først på å forlenge ein idé eg har brukt før, om garderobeskap, ei tenåringsaktig greie om å gå inn i ei ny rolle og ta på ei uniform for første gong. Men så gjekk eg tur i Slottsparken og kikka på desse gardistane med dei flotte hattane med hestehalar – eller kva skal ein kalle det oppå hattane? Det gav meg ei viss glede, kan du seie. I det siste har eg jobba mykje med kostyme som liknar rustningar, og eg har tenkt på mellomalderturneringar og hestar og slikt. Det må jo vere ei glede i det å kle seg opp, det er noko felles mellom det burleske og det å kle seg i desse uniformene. Dermed begynte eg å sjå for meg gardemennene i andre situasjonar enn det å stå helt stille på vakt, og så blei motiva tre gardemenn som plukkar blomar.

Du har tenkt mykje på rekruttane som bur i leiren, gutar i 18–19-årsalderen?

Det er mange jenter også! Eg synest overgangsfasar og metamorfoser er veldig spennande, som overgangen frå ungdom til vaksen, som eg ikkje føler meg heilt ferdig med sjølv. Eg lagar ofte tynne, lange figurar, med lange nasar og hengslete armar og fingrar, og eg tenker at det er noko med det å vere ung og ikkje heilt ha funne proporsjonane sine enno. Eg trur det går igjen i arbeida mine, element av tannregulering, joggebukser og slikt. Nokre gongar kjennest vaksenlivet som ei vaksendrakt, omtrent som i animasjonsserien Dexters Laboratorium, der guten Dexter sit inni ein stor robot og styrer rundt. Ein er liten og stor om kvarandre. Eg er interessert i korleis motsetnader kan leve i éin og same kropp. Det som er viktig, er korleis vi taklar det.

Kritikar Simen Joachim Helsvig har skrive at det er ein satirisk botn i arbeida dine. Finst det ein kritisk dimensjon i at du har framheva det umodne hos rekrutten?

Utgangspunktet mitt er jo at eg har mange militærfolk i familien. Far, begge brørne mine og bestefaren min har alle vore innom, først og fremst i Marinen. Eg har sett mange av desse uniformene og medaljane som dei er opptekne av. Men eg er også ganske kritisk til krigføring og blir til tider oppfatta som naiv i heftige familiediskusjonar.

Du nemde tidlegare det potensielt burleske i å kle seg opp i uniformer. Finst det naive og leikande også i dei militære tradisjonane? 

Likskapane går begge vegar. Ein ven av meg har sagt at kunst er krig utan blod. Det er jo interessant å sjå på situasjonar der det står innmari mykje på spel. Dokumentarfilmen Hearts of Darkness: A Filmmaker’s Apocalypse av m.a. Eleanor Coppola viser til dømes kor bananas det var å lage Apocalypse Now av Francis Ford Coppola. Ein ser den fine linja mellom det storslagne og potensiell kollaps.

 

Gardemann med hestehår og rose #1 av Constance Tenvik.

Eg såg eit heilt fantastisk tolv timar langt teaterstykke av Vegard Vinge og Ida Müller i sommar. Plutselig var eg i ein unntakstilstand. Hadde det vore opp til meg, så hadde det halde å sjå unntakstilstandane på scenen og papiret, så kunne vi pælma dronar og granatar i søpla. Fiasko skjer når du har skyhøge ambisjonar som kollapsar i gjennomføringa – dei verste admiralane i historia og kalkunfilmar kan begge hamne i denne kategorien. Det blir sånn Don Quijote-stemning. Ein kan finne både noko menneskeleg og noko humoristisk i dei som går til kamp mot vindmøller.

Du skal snart opne di første soloutstilling på Unge Kunstneres Samfund og Kunstnernes Hus. Du nemnde at det finst ei kopling mellom dei to prosjekta?

Det stemmer. Utstillinga Myk Harnisk tar utgangspunkt i ei mellomaldersk riddarturnering arrangert av den trettande Earl of Eglinton i 1839. Han hadde sett for seg 150 riddarar i rustning på eigedomen sin, men enda opp med berre 13. Trass i at 100 000 tilskodarar dukka opp, blei det ei ganske klumsete affære. På turneringsdagen begynte det å regne, og folk i publikum spente opp paraplyen. Ian Anstruther har skrive ei morosam bok om dette: The Knight and the Umbrella. Turneringa fann stad året etter kroninga av dronning Victoria. I kroningsseremonien hadde dei kutta ei rekkje ritual, som servering av ein spesiell graut med plommer i, «dilligrout», og skikken med at ein riddar kastar ein hanske i golvet for liksom å utfordre seremonien. At dette blei kutta ut, provoserte Eglinton. Poenget er: Han lengta tilbake til ei anna tid, men var fanga i samtida. Eg synest vi ser dette no også, som når Donald Trump snakkar om den tidligare gullalderen til Pittsburgh. Så korleis taklar ein det? For meg er humor ein inngang.

Donald Trump er ein skremmandei politikar, men er lengten tilbake til ei anna tid også skremmande?

Så klart. Nostalgi er drepande.

Kunst er på den eine sida intuisjon og sansing, leik og utforsking, på den andre sida refleksjon rundt store spørsmål. Eg skjønar at desse to aspekta heng saman, men ikkje heilt korleis. Har du tankar om det?

Eg er opptatt av det diskursive og treng litt «hjernebry» for å dra i gang eit prosjekt. Eg nerdar ut ganske greitt med manuskript og andre ting ein kan blåse støv av i arkivet. Samtidig bør ikkje all kunst vere akademisk. Mykje god kunst blir laga utan å gå via biblioteket. Det er ei sjonglering. Personleg trivst eg med å vere ein kunstnar med sterke litterære interesser, men eg trur ikkje det trengst for å vere ein god kunstnar. Eg synest ein skal gi rom for det som er litt sånn gjørmete, det vanskelege som vi ikkje heilt klarer å seie. For kunst er eit språk i seg sjølv og ein kan stole på det.

Den amerikanske estetikk-forskaren Sianne Ngai har sagt at det er eit påfallandei trekk ved kunsten på 1900-talet og framover at kunstnaren også skal vere kritikar og tolke sin eigen kunst. Men slik treng det ikkje å vere?

Nettopp. Ei tid for alt. Periodar med produksjon. Periodar med refleksjon. Men ein kan ikkje ha på seg kritikarhjelmen når ein står med kullstiften i teikneblokka. Det blir veldig forvirrande. Det er forskjell på å vere kritikar og på å være utøvande kunstnar. Eg vil heller ta direkte i det eg jobbar med enn å sveve rundt på metanivå. Men kanskje treng eg av og til sånne månestøvlar.

Les om prosjektet og sjå fleire bilete her.