Lydkunst til politiarresten i Østfold politidistrikt

Kunstnaren og musikaren Elin Øyen Vister har spesiallaga eit lydverk til arrestcellene i det nye politihuset.

Lydverket Stemninger for glattceller er ein seks timar lang lydkomposisjon som dei innsette kan skru av og på etter eige ynske.

Elin Øyen Vister har gjort feltopptak av natur- og kulturlandskap i Noreg, Finland og på Island og miksa desse saman til ein lydkomposisjon. Her er det mellom anna fuglestemmer og -song frå øygruppa Røst i Nordland, kvardagsstemning frå morgongry i hamna på Skomvær, lyden av livet på ein gardsplass på Kjerringøy og i ein urskog i Finland, omarbeidd og sett saman med musikk.

Elin Øyen Vister fullførte nyleg ein master i lydkunst ved Kunsthøgskolen i Bergen, men har allereie ein omfattande produksjon som lydkunstnar og komponist bak seg. Ho komponerte mellom anna lydlandskapa til den internasjonalt prislønna filmen The Act of Killing (2012) og står bak AIR Røst, eit senter for kunst og økologiske undersøkingar, der lydprosjektet Soundcape Røst er utvikla. Øyen Vister har bakgrunn som DJ Sunshine med eige musikkprogram på NRK P3.

KORO har lang erfaring med å tilverke og realisere kunstprosjekt til institusjonar der menneske av ulike årsaker er fråtatt fridommen sin.
– At òg desse institusjonane får kunst i kvardagen sin, stadfestar ei humanistisk side ved samfunnet. Å gå inn med kunst i slike kontekstar fordrar eit blikk og ein sensitivitet for situasjonen. Dei musikalske elementa og mjuke overgangane i Øyen Vister sitt verk kan tilby rekreasjon i ein elles utsett tilstand, seier prosjektleiar i KORO Elisabeth Tetens Jahn.

Østfold politi tok sjølv initiativ til å søkje KORO si kunstordning for leigebygg og eldre statsbygg (LES), og fekk tildelt eit kunstprosjekt i 2013. Prosjektet er gjord i samarbeid med politiet og er eit av ti kunstprosjekt realisert i 8. tildelingsrunde. Kunstkomiteen valde å tilgodesjå institusjonar som møter menneske i sårbare og utsette situasjonar. Komiteen har bestått av Jan Christensen, Yngvild Færøy og Gerd Elise Mørland/Kari Brandtzæg samt Elisabeth Tetens Jahn.

 

Kunstnar og musikar Elin Øyer Vister Foto: Jason Rosenberg, 2011
Arrestcelle i Østfold politidistrikt Foto: Andre Løyning, 2015