KORO inviterer til open idékonkurranse for tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskolen i Bergen.
Målsetjinga med dei tidsavgrensa prosjekta Vågestykke er å aktivisere det daglege virket i høgskulen, og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar. Kunstutvalet ser etter kunst som evner å «slå kilar inn i det daglege livet» i form av fagleg relaterte, sosiale eller politiske undersøkande prosjekt og hendingar, teknologisk utfordrande eksperiment, performative, auditive og/eller visuelle arbeid. Kunstverka kan aktivisere heile høgskuleområdet, også ikkje-fysiske rom og eksterne stader, og dei kan vare frå nokre minutt til heile perioden.
Vi ønskjer at dei valde idéutkasta vert utvikla vidare før endeleg godkjenning. Dei som vert valde, må pårekna å bli inviterte til seminar og samtale. Valde kunstverk vert sette i hop med bakgrunn i ei overordna ramme som sikrar ein heilskap gjennom prosjektperioden. Denne ramma skal utviklast i samband med dei valde idéutkasta. Siktemålet er å lage eit program over tre år med fleire vågestykke, alle med ulik økonomi, intensitet, lengde og kompleksitet. Idékonkurransen er open for søkjarar frå alle fagfelt.
Vågestykke startar opp i 2016 og strekkjer seg ut 2018.
Frist for innsending er 1. juli 2015, Kl 15:00.
Arbeidet til juryen er venta avslutta hausten 2015. Valde idéutkast vil få svar innan desember 2015. Jury er kunstutvalet ved HiB. Kunstkonsulentar KORO er Sissel Lillebostad og Trond Hugo Haugen
Materiale for innsending:
Kontaktinformasjon og prosjektskisse skal leggjast i eige webskjema i søkarportalen. Det kan lastast opp inntil 5 bilete (JPEG, maks 5 MB samla) og ein PDF (maks to A4-sider, fleire sider enn to blir ikkje lesne).
Materiale til konkurransen vil bli anonymt vurdert. Namn på forslagsstillar skal difor ikkje gå fram av vedlagde PDF eller bilete. Det fører til diskvalifisering.
Det blir ikkje opna for spørsmål under konkurransen.