Opning av nytt kunstprosjekt med Line Bøhmer Løkken

Nybygde Hulda Garborgs hus ved Universitetet i Stavanger er fylt med kunst som er knytta til menneskets evige jakt etter meining og innhald.

Kunstprosjektet til Line Bøhmer Løkken, Under tiden, er ein serie på ni fotografi utvikla spesielt for Hulda Garborgs hus. Hulda Garborg (1862–1934) var ein allsidig kulturperson. Ho var samfunnsdebattant og tradisjonsformidlar, forfattar og omsettar av ei rekke skodespel, diktsamlingar og romanar, og rørte seg fritt mellom fridomsideala i samtida og tradisjonelle verdiar.

– Det har vore spennande og inspirerande å arbeide med utgangspunkt i ei så markant og samfunnsengasjert kvinne, og med hennar vidsyn på verda rundt seg, seier Line Bøhmer Løkken. Kunstnaren har særleg latt seg inspirere av Garborg si interesse for språk. I arbeida hennar finn vi menneske på jakt etter meining og innhald, med naturen som underliggande stemme. Som i språket er det fyrst når vi går på kryss og tvers mellom elementa og set dei saman at forteljingar blir til.

Line Bøhmer Løkkens fotoserie tek oss med til plassar der menneskeleg interaksjon har funne stad utan at vi får eintydige svar på kva som har vore på ferde. Her møter vi ein gut som vandrar mot eit ukjent mørke og ein som balanserer på ein trestamme som ligg velta utover i vatnet. Ei karttavle der tida har vaska bort oversynet over terrenget og alt vi kan lesa er språket som er i finérplatas organiske struktur. Vi ser ein liten båt på eit ope hav — eller er det ein leik vi er vitne til?

Under tiden (6) Line Bøhmer Løkken. Photographer: Line Bøhmer Løkken
Under tiden (4) Line Bøhmer Løkken. Photographer: Line Bøhmer Løkken
Under tiden (8) Line Bøhmer Løkken. Photographer: Line Bøhmer Løkken

– Eg synest Line Bøhmer Løkken har lukkast med å skapa ein fornemmelse av Hulda Garborgs røyst, men på eigne vilkår, seier Hedevig Anker. Ho har vore kurator for dette kunstprosjektet.

Bøhmer Løkken (f. 1970) er utdanna ved Högskolan för fotografi ved Göteborgs universitet og har undervist i fotografi ved Kunsthøgskolen i Oslo i ei årrekke. Ho har deltatt på utstillingar i Noreg og Norden og har gitt ut fleire fotobøker og publikasjonar kor ho tar for seg stader med særpreg eller ei spesiell historie.

For spørsmål om kunstprosjektet, kontakt:
Kunstnar Line Bøhmer Løkken, lineblokken@gmail.com, prosjektleiar i KORO, Stine Arnet Høyem, sah@koro.no, 924 37 690 eller kurator Hedevig Anker, hedevig.anker@gmail.com, 934 41 036.

Opninga av Hulda Garborgs hus fant stad klokka 13.00, onsdag 13. februar 2019.
Adresse: Rektor Natvig-Pedersens vei 24, Universitetet i Stavanger.