Oppsøk kunst nær deg

KORO har gjennomført fleire hundre kunstprosjekt på offentlege plassar som sjukehus, postkontor, fengsel og høgskular. Er du klar for ei kunstvandring litt utanom det vanlege? Den oppdaterte kartfunksjonen vår hjelper deg med å finne kunst der du er.

KOROs kunstprosjekt har resultert i meir enn 8000 registrerte verk. Men sidan dei ikkje er på galleri eller museum, kan dei vere vanskelege å finne. Derfor har vi laga eit kart som viser veg. Gå inn på eit av dei 329 registrerte kunstprosjekta og sjå kva verk som finst i nærleiken av deg.