Pressemelding: Kunst til Volda og Ørsta lensmannskontor

Anders Sletvold Moe (NO) har spesiallaga ein lys- og vegginstallasjon til politiet på Sunnmøre, inspirert av fjella rundt bygda.


Prosjektet blir presentert for pressa tysdag 14. april kl. 13.00.

Stad: Volda og Ørsta lensmannskontor, Torvmyrane 11 B, Hovdebygda.

Det enkle overbygget framfor inngangen til Volda og Ørsta lensmannskontor er gjort om til ein skulpturell lysinstallasjon av Anders Sletvold Moe.

– Installasjonen tek utgangspunkt i den fantastiske naturen i nærmiljøet, seier Sletvold Moe.

Verket Opposite Mountain Lights tek i bruk heile himlingen i overbygget og er inspirert av fjellkjeda som strekkjer seg frå Ørsta mot Vartdal med fjelltoppane Saudahornet, Vassdalstinden, Stabben, Liahornet og Bergehornet. Kunstprosjektet ute fortsetter i inngangspartiet inne i eit større veggmåleri med tittelen Opposite Mountain Lights Unfold. Her er dei 134 triangelformene frå lysinstallasjonen falda ut på veggflata i ein større malerisk komposisjon.

Lensmannskontoret flytta i 2012 inn i nye lokale ein kort spasertur frå Hovden flyplass mellom Ørsta og Volda. Institusjonen hadde eit ønske om eit kunstverk frå KORO som kunne gjere det litt anonyme bygget meir imøtekommande overfor publikum og besøkande.

– Eg meiner det er viktig å ha eit kunstverk som er med på å vise politihuset sin plassering allereie frå utsida av bygget, seier kunstnaren Anders Sletvold Moe.

På mørke vinterdagar leiar lysinstallasjonen besøkande til politistasjonen frå dei svingar av vegen og køyrer opp bakken mot parkeringsområdet. I den lysaste tida av året fungerer formene i taket som skulpturelle element som gjev huset ein karakteristisk profil. Kunstnaren tok utgangspunkt i eit kart over fjellkjedene og overførte konturlinene frå fjella ved hjelp av eit dataprogram, som han så gjorde om til stiliserte tredimensjonale former. Frå nokre stader på parkeringsplassen ser det ut som at dei omkringliggande fjella er blitt spegla i lysinstallasjonen i taket.

Opposite Mountain Lights refererer også til verdiar som fysisk kraft, styrke og vern, noko ein òg forbind med politiet si verksemd. Når det er mørkt, lyser verket opp inngangen for dei som passerer forbi.

Kunstprosjektet er eit av ti kunstprosjekt realisert i 8. tildelingsrunde under KORO si kunstordning for statlige etatar i private leigebygg og eldre statsbygg (LES).

Komiteen har bestått av Jan Christensen, Yngvild Færøy, Gerd Elise Mørland / Kari Brandtzæg og Elisabeth Tetens Jahn.

Opposite Mountain Lights av Anders Sletvold Moe. Photographer: Werner Zellien
Opposite Mountain Lights (Unfold) av Anders Sletvold Moe. Photographer: Werner Zellien