Eit områdeløft i Trondheim, eit visningsrom for eksperimentell lydkunst og eit pionerprosjekt for grunnskuleelevar i Sel kommune. Dette er tre av i alt åtte kunstinitiativ som får middel frå KORO si støtteordning for fylkeskommunale og kommunale prosjekt (KOM).
Prosjektskisse av visningsrommet for eksperimentell musikk og lydkunst som er tenkt plassera ved Skien vgs på Klosterøya i Telemark. Den fysiske konstruksjonen er utvikla av Rintala/Eggertson Arkitekter.
Sel kommune ønskjer eit permanent kunstnarisk verk med ein «stoppeffekt» ved inngangen til byen, ein ny og unik visuell markør for Otta. Denne prosjektskissa fra Marius Dahl og Jan Christensen er eit forslag til korleis Loftgårdsbrua kan få nytt innhald.
Prosjektet Sydande Sauda handlar om stadsutvikling. Ein av ideane i prosjektet heiter 13 ville idear for Sauda og er utvikla av kunstnar Martin Andersen. Ideen går ut på at for kvar båt smelteverket tar imot i løpet av eit år, så plantas ei ny blodlønn. Sauda Smelteverkt tar i mot ca. ein båt om dagen og tanken er at prosjektet går så lenge det er i drift i smelteovnane. Jo lengre tid som går, vil staden bli endra av lønnetrea.
Fakta om tal og søknadar
-
Dei 29 søknadene hadde eit totalt budsjett på 48 050 185 kroner. I alt blei det søkt om 15 331 832 kroner i støtte frå KORO/KOM i denne runden.
-
Utvalet vil gje støtte til åtte prosjekt. Totalt tilsegnsbeløp frå KORO er 2 900 000 kroner.