Tildelingar frå KOM, runde 2, 2018

Eit områdeløft i Trondheim, eit visningsrom for eksperimentell lydkunst og eit pionerprosjekt for grunnskuleelevar i Sel kommune. Dette er tre av i alt åtte kunstinitiativ som får middel frå KORO si støtteordning for fylkeskommunale og kommunale prosjekt (KOM).

Prosjektskisse av visningsrommet for eksperimentell musikk og lydkunst som er tenkt plassera ved Skien vgs på Klosterøya i Telemark. Den fysiske konstruksjonen er utvikla av Rintala/Eggertson Arkitekter.

I alt kom det inn 29 søknader innan fristen 2. oktober. Alle ønskte sin del av potten på 2 900 000 kroner, som er tilsegnsbeløpet frå KORO.

– Det var svært mange gode søknader i denne runden. Samanlikna med tidlegare år var fleire av dei godt organisert og solid forankra i lokalmiljøet, seier Truls Ramberg, som er ansvarleg for KOM-ordninga i KORO.

Dei åtte kunstprosjekta er fordelt på seks fylke, og breidda er stor.

– Det er snakk om alt frå transformasjon av industritettstader til utvikling av Stor-Oslo-regionen. Ønsket om å utvikle heile stader meir enn enkeltrom og -bygg er ein stigande tendens, fortel Ramberg.

Sel kommune ønskjer eit permanent kunstnarisk verk med ein «stoppeffekt» ved inngangen til byen, ein ny og unik visuell markør for Otta. Denne prosjektskissa fra Marius Dahl og Jan Christensen er eit forslag til korleis Loftgårdsbrua kan få nytt innhald.

|I år blei det også innvilga støtte til eit banebrytande prosjekt: Sel kommune i Gudbrandsdalen vil invitere kunstnarar til å følgje ei skuleklasse gjennom heile grunnskuleløpet frå 1. til 10. klasse. Dette kunstprosjektet dreier seg ikkje om korte besøk gjennom Den kulturelle skulesekken eller utsmykkingsoppdrag, men om samhandling over tid på elevane sin heimebane.

– I KORO-samanheng er dette eit pionerprosjekt. Vi kjenner ikkje til at dette er blitt gjort tidlegare, og er veldig spente på kva det kan leie til, seier Ramberg.

Prosjektet Sydande Sauda handlar om stadsutvikling. Ein av ideane i prosjektet heiter 13 ville idear for Sauda og er utvikla av kunstnar Martin Andersen. Ideen går ut på at for kvar båt smelteverket tar imot i løpet av eit år, så plantas ei ny blodlønn. Sauda Smelteverkt tar i mot ca. ein båt om dagen og tanken er at prosjektet går så lenge det er i drift i smelteovnane. Jo lengre tid som går, vil staden bli endra av lønnetrea.

Utvalet som har vurdert søknadene, består av: Bo Krister Wallström (KORO) og Truls Ramberg (KORO).

Desse åtte prosjekta får støtte:

1. Frodige Saupstad/Biprodukt
Søkar: Trondheim kommune
Tilsegn: 500 000 kroner

2. 10 år på Heidal skule
Søkar: Sel kommune
Tilsegn: 300 000 kroner

3. Sydande Sauda 2
Søkar: Sauda kommune
Tilsegn: 300 000 kroner

4. 1100
Søkar: Telemark fylkeskommune
Tilsegn: 400 000 kroner

5. Mandela, kunst og byrom
Søkar: Tromsø kommune
Tilsegn: 500 000 kroner

6. Kunst som utviklingskraft på Lierstransa – del 1
Søkar: Lier kommune
Tilsegn: 300 000 kroner

7. Båret av vinden – ført av strømmen
Søkar: Sel kommune
Tilsegn: 300 000 kroner

8. Det e me som bur her!
Søkar: Barnas kunstverksted i Rollag
Tilsegn: 300 000 kroner

Les meir om dei ulike prosjekta her. 

 

Fakta om tal og søknadar

  • Dei 29 søknadene hadde eit totalt budsjett på 48 050 185 kroner. I alt blei det søkt om 15 331 832 kroner i støtte frå KORO/KOM i denne runden.

  • Utvalet vil gje støtte til åtte prosjekt. Totalt tilsegnsbeløp frå KORO er 2 900 000 kroner.