I samband med slepp av lydvandringa Nedbør inviterer me til ein samtale mellom kunstnar og forfattar Inger Wold Lund og kurator Sissel Lillebostad.
Samtalen vil finne stad i Fyrrommet på Campus Kronstad torsdag 3. november klokka 13.00.
Kva er regn? Kvifor regnar det så mykje akkurat her? Og ikkje minst, kva gjer dette regnet med oss? Lydvandringa «Nedbør» er den første av to lydvandringer på Høgskolen i Bergen som ser nærare på vêrfenomena nedbør og opplett.
Gjennom ein serie med historiar og betraktingar om regn tek lydvandringa oss med på ei halvtimes vandring gjennom Campus Kronstad. På vandringa vert blikket til lyttaren retta mot detaljar som fargen på ein forbipasserande sin regnfrakk, eller korleis dråper på eit vindauge speglar verda opp ned. Lydbilete, beståande av bearbeidde felt-opptak frå lokalområdet, bidreg til å gjere lyttaren enno meir merksam på det sanselege og taktile ved regnet som fell.
– Det opplevast som om eins eigen kvardag får ein voiceover, som på film, denne stemma som alle har i hovudet. Forhåpentlegvis vil den få folk til å legge merke til litt andre ting enn vanleg, seier Lund om lydvandringa.
Nedbør er ein del av KOROs Vågestykke, ein serie tidsavgrensa kunstprosjekt ved Høgskolen i Bergen. Målet med er å aktivisere dei som oppheld seg på og rundt høgskulen og sjå nærare på skulens samfunnsoppdrag og ambisjonar.
Lydvandringa er tilgjengeleg for nedlasting via smarttelefon frå 3. november på: www.soundcloud.com/vaagestykke
Om du ikkje har smarttelefon kan du låne utstyr til å lytta med på biblioteket ved Høgskulen.
Den neste lydvandringa vil heite «Opplett» – og skal spelast av når regnet har slutta. Lydvandringane «Nedbør» og «Opplett» er skrive og utvikla av Inger Wold Lund, og realisert i samarbeid med lydkunstnaren Claire Tolan.
Les meir på kunstnarens eiga nettside, meir om Vågestykke, og følg prosjekta på Facebook og Instagram.
«Nedbør»
Av: Inger Wold Lund
Lyd: Claire Tolan
Manuskonsulent: Pål Gitmark Eriksen
Språkvask (engelsk): Claire Tolan
Studioopptak: Notto J. W. Thelle, innpilt på Notam
Testing: Øyvind Baste Agdestein, Simen Korsmo Robertsen og Alice Sarah Welsh
KORO-Konsulenter: Trond Hugo Haugen og Sissel Lillebostad
Takk til: Tyler Bopp, Mathijs van Geest, Lars Tore Halvorsen og Grete Wold
Ei lydvandring er ei innspelt lydfil som formidlar informasjon, normalt gjennom handheldt elektronikk som ein mp3-spillar eller ein telefon – og er vanlegvis tilknytt ei sjåverdigheit, som eit museum. Mediet har sidan det først blei introdusert òg vorte nytta av kunstnare til å formidle subjektive betraktningar over utvalde omgivnader.
Inger Wold Lund er utdanna ved Oslo Kunsthøgskole, Konstfack i Stolckholm, og Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt am Main. Ho har gitt ut bøker på Flamme Forlag og Ugly Duckling Presse, og har blitt utstilt på blant anna M.I/mi1glisséi Berlin; Roberta i Frankfurt, Museo Apparentei i Napoli, Galerie Parisa Kind i Frankfurt, Hordaland Kunstsenter i Bergen, og INCA i Seattle.
Claire Tolan sine verk har sidan 2013 hatt sitt fundament i ASMR, Autonomous Sensory Meridian Response. Tolan har hatt ASMR-programmet «You’re Worth it» på Berlin Community Radio i to år, og har arbeidd med ASMR i framsyning, opptak, og utstilling, saman med blant anna Holly Herndon. Tolan var i 2015 Goethe-Institut and Space Perlin Noise sound artist-in-residence ved White House i London.