Gud fekk ikkje pupp

Stine Karlsen, Maria Annika Udd

 

Om

Kunstverket er ein refleksjon rundt spørsmål om kva verda treng ei løysing på knytt til miljøproblematikk, global mat- og vassmangel, naturkatastrofar, den skeive fordelinga i verdsøkonomien, krig og kulturforskjellar. Setninga «Gud fekk ikkje pupp» er konkluderande, men ein kan undrast over om ho er resultat av ein konsekvensanalyse eller ei filosofisk utsegn. Setninga «Rykk tilbake til start» gir assosiasjonar til spel og spørsmål om tilfelle og taktiske ferdigheiter. Spel kan vere eit mikrokosmos for dagens samfunn. Å starte på nytt representerer ei moglegheit for engasjement eller ein sjanse til å rette opp noko. Illustrasjonen av døde bier visualiserer ei global utfordring. Biedøden verkar som eit mysterium, men forsking viser at det er menneskeskapte årsaker til fenomenet. Forskarar meiner at det er eit alvorleg problem i eit miljøperspektiv.

Detaljer

Datering

2012

Kunstnere

Stine Karlsen
Maria Annika Udd

Kategori

Betongmaleri, Maleri

Teknikk og materiale

Folie på betongvegg

Reference

KORO.006698