Kobling

Anne-Gry Løland

 

Om

«Kobling» er basert på tre lag historiske referansar: barokke mønsterførelegg, arkitektoniske element som takstolar og flate geometriske element. Sjølve teikningane blir framstilte av hòl i tre ulike storleikar stansa ut av aluminiumsplatene som dekkjer fasaden. Dette er eit verk som er berekna på å skulle sjåast både frå fjern og nær, som eit nesten leseleg motiv frå avstand og som eit flimrande filter av lys og skugge tett på. Ein viktig del av kunstverket er at motivet bryt med den stramme forma til bygningane.

Detaljer

Datering

2011

Kunstner

Anne-Gry Løland

Teknikk og materiale

Perforering av aluminiumsplater

Reference

KORO.006741