Stand By 2

Eva Kun

 

Om

Eva Kun tar utgangspunkt i formelement som ligg tett opp til vegvesenets / kommunane sitt bruksmateriell. Rekkverk har praktiske funksjonar som å beskytte tre, avgrense område mellom mjuke trafikantar og biltrafikk, mellom fortau og vegbane, framfor skuleportar, bilar, grasbakkar osv.

Forskjellane er at Stand By 2 ikkje sperrer, men er meint å invitere personar til å stå ved sidan av, møtast ved, vere aktive og undrast over. Dei framstår som ”muterte rekkverk”, som fargesterke, tredimensjonale, romlege linjer. Det er lett å forholde seg til dei også med kroppen på grunn av størrelse, form og dimensjonar. Plasseringa bidrar til at formene synes tilgjengelege og inviterande.

Installasjonen føyer seg inn i omgivelsane, men ”vrir seg” nokre stader på ein uventa måte, kryssar gjerne grenser (for eksempel mellom asfalt og plen) mens dei andre stader igjen stig opp i høgda og ser seg rundt som i eit periskop. Dei peiker mot kvarandre og forder visuell bevegelde mellom dei ulike situsjonane på tomten.

Detaljer

Datering

2015

Kunstner

Eva Kun

Kategori

Installasjon

Teknikk og materiale

Galvanisert og pulverlakkert stålrør

Mål


Høyde: 300cm
Bredde: 120cm
Lengde: 400cm
Diameter: 60.3cm

INVENTARNUMMER

KORO.006277