Til saman 18 teikningar av seks kunstnarar er kjøpt inn til dei seks forlegningane. Dei seks har ulike formspråk, men alle har eit blikk for både det heimlege og det storpolitiske. Kva er kunst? spør teikningane til Terje Nicolaisen. Ved fyrste blikk kan dei sjå ut som noko ein sjølv kunne teikna. Ved nærare ettersyn ser ein at dei rommar meir. På eitt av bilda står eller ligg ein gut med hovudet bakover, men det er vanskeleg å seie om han søv eller er vaken, om han er ven eller motstandar, eller om han i det heile tatt er i live.