Den norske ambassaden i Helsingfors

Den norske ambassaden i Helsingfors er nyleg rehabilitert, og kunstsamlinga i bygget er utvida med to nye verk av fotografane Torbj√łrn R√łdland (NO) og Elina Brotherus (FI).


Notice: Undefined variable: map in /sites/koro.dev04.dekodes.no/files/packages/themes/koro_teft/template-parts/project/modules/top-slider.php on line 1
 

Om prosjektet

Den norske ambassaden ligg p√• Eira, ein ambassadebydel s√łr for Helsingfors. Bygget fr√• 1964 er teikna av Stavanger-arkitektane Eyvind Tor Ragnar Retzius og Svein Bjoland, som st√•r bak ei rekkje byggverk i Stavanger og elles p√• Vestlandet, mellom anna Olavg√•rden ved Breiavatnet og Kuppelhallen i Bjergsted. Ambassaden i Helsingfors er bygd i tidstypisk stil, med flatt tak og reine liner.

Representasjonsdelen til ambassaden er eit viktig utstillingsvindauge for Noreg og norsk kultur, kunst og design. Kunsten i ambassaden er √≤g ein samtalestartar p√• ein stad der samarbeid og dialog st√•r sentralt. Valet av ein norsk og ein finsk kunstnar fr√• same generasjon understrekar n√¶rleiken mellom dei to landa. Av Torbj√łrn R√łdland er verket Shadow Work no. 2¬†(2014) kj√łpt inn. Bildet blir plassert i avsatsen i trappeoppgangen mellom fyrste og andre etasje, der bes√łkande som skal til representasjonsdelen, passerer. R√łdland sitt kunstnerskap karakteriserast ofte ved ei kjensle av ubehag og mystikk i tilsynelatande banale og kvardagslege motiv. Bilda er som regel sett i scene og stiller gjerne sp√łrsm√•l om kva eit fotografi eigentleg er. Bildet som er valt ut, markerer ei nyorientering i motiv og uttrykk for kunstnaren, mot det meir formale og abstrakte.

Fotografiet Another home¬†(2011) av Elina Brotherus er kj√łpt inn til trappeoppgangen ved inngangen til representasjonsbustaden. Brotherus arbeider i likskap med R√łdland med fotografi som er sett i scene. Ho blir rekna som ein representant for den s√•kalla ¬ęHelsinkiskulen¬Ľ, eit milj√ł for fotografi som voks fram midt p√• 1990-talet. Dei tidlege verka hennar er forankra i dokumentartradisjonen og best√•r gjerne av sj√łlvportrett, men dei siste √•ra har ho vendt merksemda mot menneskekroppen og naturen. Bildet Another home¬†er henta fr√• serien Artist and her Model, og fotografen er sj√łlv modell i bildet, som viser eit velkjent kunsthistorisk motiv: kvinne vend mot vindauget. Eit gulaktig lys str√łymer ut fr√• rommet og blir forsterka og understreka av ei slyngplante dekt av fiolette blomar. Bildet kan vekke assosiasjonar til 1900-talsm√•larane sin fascinasjon for den lyse nordiske sommarnatta.

Bakgrunnen for innkj√łpet av to nye verk er at ambassaden har vore gjennom ei omfattande rehabilitering for √• oppfylle krava til universell utforming. Ambassaden har allereie ein del kunst, mellom anna grafiske blad av Edvard Munch og verk av Henrik S√łrensen, Nils Aas og Kira Wager. Nokre verk h√łyrer til Utanriksdepartementet, andre er l√•nt ut av Nasjonalmuseet i Oslo. Alle dei eksisterande verka heng i representasjonsdelen til ambassaden.

Detaljer

Adresse

Itäinen Puistotie 17, Helsinki, Suomi

Kunstnere

Torbj√łrn R√łdland
Elina Brotherus
Kåre Kivijärvi

Ferdigstilt dato

01.05.2015

Kurator

Nora Ceciliedatter Nerdrum

Byggherre

Statsbygg

Mottakerinstans

Utenriksdepartementet

Arkitektkontor

ALA Architects

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk


Notice: wrapper ble kalt feil. Card parameter classes should be an array. Vennligst se Feils√łking i WordPress for mer informasjon. (Denne meldingen ble lagt i versjon 2.5.0.) in /sites/koro.dev04.dekodes.no/files/public/wp/wp-includes/functions.php on line 5311

Notice: wrapper ble kalt feil. Card parameter classes should be an array. Vennligst se Feils√łking i WordPress for mer informasjon. (Denne meldingen ble lagt i versjon 2.5.0.) in /sites/koro.dev04.dekodes.no/files/public/wp/wp-includes/functions.php on line 5311

Notice: wrapper ble kalt feil. Card parameter classes should be an array. Vennligst se Feils√łking i WordPress for mer informasjon. (Denne meldingen ble lagt i versjon 2.5.0.) in /sites/koro.dev04.dekodes.no/files/public/wp/wp-includes/functions.php on line 5311

Milepæler

10.10.2014


Oppstart

14.01.2015


Befaring

07.05.2015


Montering

11.05.2015


Gjenåpning av Ambassaden