Høgskolen i Lillehammer, tilbygg

Høgskolen i Lillehammer blei utvida i 2010. I valet av kunstverk blei det lagt vekt på oppdaging og nysgjerrigheit, og på verdien og utfordringane som ligg i å tileigne seg ny kunnskap.

Western kingbird juvenal wing 1-6, Ane Graff. Fotograf: Ulf Rokkan

Om prosjektet

Høgskolen i Lillehammer husar mellom anna Den norske filmskolen, fleire kultur- og samfunnsfag og helse- og sosialfag. Studiestaden har lenge hatt ein sterk vekst i talet på studentar, og i 2007 blei det bestemt å utvide undervisningslokala til skulen. Dei 1700 kvadratmeter store beredskapslokala, som lenge hadde vore avstengd for studentane, blei bygd om til undervisningslokal, i ei ny fløy som stod ferdig i 2010.

Verk frå tre norske kunstnarar sett sitt preg på dei nye romma. Ole Martin Lund Bø (f. 1972) tar utgangspunkt i det greske ordet doxa, som tyder oppfatning. Den franske sosiologen Pierre Bourdieu nyttar nemninga for å skildre dei sidene i kulturen og samfunnet som folk flest tar for gitt. I dei to minimalistiske måleriane til Lund Bø er doxa måla i svart på kvitt lerret. Fordi bokstavane flyttar og oppløysar seg, er ordet berre så vidt til å kjenne igjen. Slik leikar Lund Bø med perspektiva våre, og viser korleis kunnskap ikkje er fastlagd og lik for alle, men forma av blikket til den som ser.

I tillegg til desse spesialbestilte måleriane, er det også kjøpt inn verk av to kunstnarar. Sverre Malling (f. 1977) er rekna som ei av våre fremste teiknarane våre, og hentar många av motiva sine frå segner, eventyr og mytar. Han har lenge vore opptatt av det tyske eventyret om rottefangaren i Hameln. For Malling er denne figuren ikkje berre vond, han er også ein fargerik, rebelsk individualist. I verket The piper er han utanfor fellesskapen, men er samtidig utstyrd med kulturelle markørar som gjev gjenklang hos studentar i dag: langt hår, holete olabukse og Converse-sko.

Fotoserien Western kingbird juvenile wing av Ane Graff (f. 1974) viser detaljerte nærbilde av vengene til levande fuglar i fingrene på menneskehender. Bilda er henta frå ornitologiske undersøkingar, og trekker inn etiske og estetiske aspekt ved det å tileigne seg kunnskap.

Kunstverka i det nye tilbygget inngår i den store kunstsamlinga til Høgskolen i Lillehammer. KORO har vore involvert i to av dei. Du kan lese om ombygginga av Den norske filmskolen i 2003/04 her og om bygginga av det fyrste nybygget på Storhove i 1989 her.

Detaljer

Adresse

Gudbrandsdalsvegen 350, 2624 Lillehammer

Kunstnere

Ane Graff
Sverre Malling
Ole Martin Lund Bø

Ferdigstilt dato

29.10.2010

Prosjektansvarlig

Bo Krister Wallström

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Kjetil Røed

Arkitektkontor

Plan og Prosjekt Arkitekter AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk