Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen held til i eit eldre, ærverdig murhus i Christies gate 15. I samband med rehabilitering og påbygging av dette og to tilstøytande bygg laga Tone Saastad eit todelt tekstilverk og Kjetil Ingvar Berge ein serie med grafiske trykk.
Saastads tekstilverk, som er utan tittel, heng i det innvendige atriet som koplar saman ny og gamal arkitektur i Christies gate 15 og 17. Atriet er ein sentral møteplass for studentar og tilsette, og mange kontor har vindauge inn mot rommet, kor lyset skiftar med vêr og årstid. Verket består av to veggteppe; det eine er heile 9,60 meter høgt og 1,62 meter breitt, det andre er 2,77 x 2,34 meter. Begge er sydd saman av mindre stykke tettvoven silke og har ei innsydd blysnor i nedre kant. Kunstnaren har brukt akvarellmåling og ets på silken, og heilskapen er prega av sirklar, vertikale striper i kvitt og svart samt klare oransje-, blå- og brunnyansar. Tekstilverket forsterkar dei mjuke elementa i arkitekturen til det gamle bygget og er ein kontrast til dei harde elementa i tilbygget.
Inntrykk av Kjetil Ingvar Berge er ein serie på 26 grafiske trykk som også er laga spesielt til instituttet. Trykka heng i inngangar, trapper og korridorar, kor dei skaper ei kjensle av retning og identitet. Berge har brukt ein høgtrykk-teknikk, der gips tar opp oljefarge og struktur frå trykkplata slik at kvart bilde blir eit slags omvendt relieff. Slik verkar fargane gjennomskinlege.
Tone Saastad (f. 1955) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har gjennomført kunstprosjekt i offentleg regi for mellom andre Universitetet i Bergen, Noregs ambassade i Moskva, Askøy rådhus og Gol kommunehus, og er kjøpt inn av mellom andre Vestlandske kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo, Kunstindustrimuseet i København og Riksgalleriet.
Kjetil Ingvar Berge (f. 1957) er utdanna ved Slade School of Fine Art i London, Escola Superior de Belas-Artes i Lisboa, Portugal og Kunsthøgskolen i Bergen, og er mellom anna kjøpt inn av Arts Council England, Statens hus i Trondheim, Jyväskylän taidemuseo i Finland og Museet for samtidskunst i Oslo.