KNM Harald Haarfagre er den største militære rekruttskulen i Noreg. Alle som skal ha militærteneste i Sjøforsvaret, og dei fleste som skal til Luftforsvaret, får opplæring her. Rekruttida er på rundt åtte veker og rekruttane får trening i militær framferd, stridsteknikk, geværeksersis og handtering av våpen.
Madlaleiren er altså det første møtet med hæren for svært mange. Med vegginstallasjonen i messebygget har Christian Sunde (NO) ønskt å gi si tolking av Forsvaret og å skildre unge menneske i møte med soldatlivet. Han har støypt inn ulike gjenstandar eller bilete i 62 enkeltkubar i polyester. Desse har fått titlar som 16 stk. jagerfly, Hårsaks og Piggtrådbefal. Kubane er lyssette med lysdiodar i ulike fargar. Når taklyset i messa er slått av, skaper installasjonen eit levande fargespel.
Skulptøren Reinhard Haverkamp (TY) bruker materialspenning, balanse og rørsle som verkemiddel. Skulpturen Reke, som er laga spesielt til parkeringsplassen utanfor mannskapsforlegningane, er med på å avgrense leirområdet mot sør og skaper ein visuell kontrast til det elles stramme uttrykket i området.
Den 3,2 meter høge skulpturen er konstruert av sju v-forma element i rustfritt stål som er hekta i kvarandre og blir haldne på plass av ein spent stålvaier. Resultatet er ei vifteform ut mot vegkanten. Uttrykket til skulpturen kan ein tolke som ei fjør i hatten eller påfuglen som slår hjul: Det er her ein viser seg fram!