Rikshospitalet

Den store kunstsamlinga til Rikshospitalet rommar eit breitt spekter av uttrykk, frå monumentale verk på dei sentrale møtestadene i bygget til mindre prosjekt plassert som overraskingar i trappeoppgangar.

Muldyret, Kristian Blystad. Fotograf: KORO/Cathrine Wang

Om prosjektet

Rikshospitalet ligg omgjeve av grøn natur, nært bymarka og Sognsvann i Oslo. Ein humanistisk grunntanke ligg bak både arkitekturen og kunsten i det store bygningskomplekset. Medplan AS Arkitekter laga bygget etter mønster av ein småby, med hovudgate, sidegater, torg og møteplassar, og la vekt på fysiske rammer som skulle gje brukarane av sjukehuset tillit og omsorg.

I samband med bygginga vart det sett av middel til kunstprosjekt i to rundar. I 1993 gav KORO den fyrste bevillinga til kunst, og tre kunstnarar fekk oppdraget med å lage verk til særskilte område. Odd Tandberg står bak eit fire etasjar høgt glasmåleri på den sørvende fasaden i vestibylen. Det fargesterke glasmåleriet er eit av dei mest framståande prosjekta hans og er laga i fellesskap med Elen Grøn-Hansen. Istvan Lisztes har utført ein bronseskulptur til innkøyringa til sjukehuset, og Kjell Mardon Gunvaldsen står bak tekstilarbeidet Balanse i vestibylen. Skulpturen som heng ned frå taket fire etasjar over bakken, består av eit hengande transparent trådteppe og fleire mindre vassrette felt. Verket er eit blikkfang i svart og kvitt og primærfargane blått, raudt og gult.

I 1996 auka Kulturdepartementet kunstbudsjettet med tolv millionar, og kunstprosjektet vart fullbyrda. Til saman 37 kunstnarar har utført verk til sjukehuset, og i tillegg er arbeid av 55 kunstnarar kjøpt inn. I kapellet på Rikshospitalet kan ein finne Terje Roalkvam sitt veggintegrerte verk. Glasplater i primærfargar er felt inn i den lyse mursteinsstrukturen, komponert i eit abstrakt mønster. Lyset blir reflektert gjennom det farga glaset på skiftande måtar, avhengig av tida på døgnet og året.

Nord i den lange glasgata som strekkjer seg frå hovudinngangen og til tre poliklinikkar, står Bård Breiviks over fem tonn tunge og tolv meter høge granittobelisk Draum. Ei overdimensjonert gullmaske kviler på toppen, modellert etter kunstnaren sitt ansikt. Skulpturen har ei klar tilknyting til rommet den står i, og kan sjåast frå fleire etasjar, frå vindauga og bruovergangane i korridoren.

Rolf Starup har laga tre metallskulpturar, Riket I, II og III. På avstand verkar skulpturane ganske stramme og tydelege, på nært hald kjem enkeltobjekta til syne: utrangert utstyr som kvar ber med seg si historie og kan oppfattast som både ubehagelege og humoristiske.

I barneavdelinga har mellom anna Lars Elling og Fam Ekman skapt ei humoristisk og venleg ramme rundt ete- og opphaldsromma. Ellings Alltid lunsj i jungelen viser tre apekattar som svingar seg. Kroppane er laga av fuskepels, hovuda av gamle Tandberg-radioar.

Avskjerma uterom, vårhagar og gardsrom har òg fått kunst. Inge van der Drift har laga verket Et sted å være i området mot Gaustad, ein skulptur av 1700 piletre i ein spiralformasjon. Ei særeiga satsing på sjukehuset er Artoteket, ei ordning der pasientane kan velje seg bilete til rommet sitt frå ei samling utanfor biblioteket.

Detaljer

Adresse

Sognsvannsveien 20, 0372 Oslo

Kunstnere

Bjørg Nedrebø
Zdenka Rusova
Per Hess
Yngvar Larsen
Håkon A. Gullvåg
Istvan Lisztes
Akin Duzakin
Nils Olav Bøe
Harald Nordberg
Kristian Blystad
Kjell Mardon Gunvaldsen
Sissel Berntsen
Odd Tandberg
Jon Gundersen
Bruno Lundstrøm
Rolf Starup
Dag Alveng
Per Maning
Gunnar Torvund
Martine Linge
Bård Breivik
Søren Ubisch
Inge van der Drift
Kristin Ytreberg
Kristine Hjertholm
Ragnhild Monsen
Finn Hald
Kjell Sundby Hommerstad
Willibald Storn
Fam Kristina Ekman
Lars Elling
Bente Tønnessen
Marianne Heske
Terje Roalkvam
Sofie Persvik
Christel Sverre
Viel Bjerkeset Andersen
Anne Solli
Morten Kristiansen
Børre Larsen
Sven Påhlsson
Torbjørn Rødland
Per Adde
Gunnvor Advocaat
Magne Austad
Trym Ivar Bergsmo
Håkon Bleken
Liv Blåvarp
Hanne Borchgrevink
Marianne Bratteli
Bente Bøyesen
Anne Bårdsgård
Merete Christensen
Lisbeth Dæhlin
Elena Engelsen
Harald Fenn
Ellinor Flor
Thore Furulund
Anne-Karin Furunes
Eva Galligani
Kjersti Goksøyr
Kjell Nupen
Kjell Erik Killi Olsen
Tore Gunnar Olsen
Aase Gulbrandsen
Synneva Heradstveit
Hanne Heuch
Thore Heramb
Arve Hovig
Jens Kåre Johannessen
Britt Juul
Arvid Pettersen
Iver Jåks
Anders Kjær
Irma Salo Jæger
Karen Klim
Helge Korvald
Elisabeth von Krogh
Åse Ljones
Halvdan Ljøsne
Ida Lorentzen
Jon Arne Mogstad
Ingrid Mortensen
Hilde Mæhlum
Svein Rønning
Alexander Schultz
Arne Bendik Sjur
Thorbjørn Sørensen
Geir Tokle
Christian Sunde
Eva Grøttum
Grethe Unstad
Kjell Varvin
Tone Vigeland
Sverre Wyller
Kajsa Zetterquist
Toril Bjorg
Nils Eger
Tore Hansen
Ellen M. Kalvig
Kåre Tveter
Dag Skedsmo
Øyvind Brune
Eli Hovdenak
Ståle Blæsterdalen
Ingri Egeberg
Kåre Øien
A K Dolven

Ferdigstilt dato

01.01.2000

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Bjørn Melbye Gulliksen
Toril Maria Smit

Mottakerinstans

Oslo universitetssykehus

Arkitektkontor

Medplan arkitekter as

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk