UiB Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet

Thomas Hestvold og Guttorm Guttormsgaard står bak kunstverk som framhevar arkitekturen, men òg set sitt eige preg på foajé og auditorium i jusbygget.

Uten tittel (2), Thomas Hestvold. Fotograf: Thor Brødreskift

Om prosjektet

Når kunstnarar skal lage kunst til eit offentleg bygg, kan dei velje éin av to strategiar: Enten fange merksemda med eit individuelt uttrykk som skil seg ut i omgjevnadane, eller la kunsten gli inn i og framheve arkitekturen. Thomas Hestvold (NO) og Guttorm Guttormsgaard (NO) har gjort det siste i jusbygget ved Universitetet i Bergen. Begge verka er utan tittel.

Hestvolds verk finst i auditorium 1–3. Han har tatt utgangspunkt i avtrykka etter forskalingsbord som går frå golv til tak på betongveggane, og farga somme felt med betonglasur i svake nyansar av blågrått, blålilla, turkisgrått, okergrått eller raudgrått. Kvart auditorium er halde i éin hovudfargetone med innslag av kontrastfarge. Heilskapen påverkar stemninga i kvart rom på ein dempa måte.

Guttormsgaard har felt former av polerte, geometriske steinfliser ned i skifergolvet i den sentrale foajeen, som også er inngang til auditoria og overgangssone mellom gamle Dragefjellet skole og jusbygget. Det tematiske utgangspunktet er fru Justitia, gudinna for lov og rett i romersk mytologi. I flisene kan ein kjenne igjen sverdet og vekta i abstrahert form. Fem andre mosaikkar viser hender i ulike posisjonar: lukka, peikande, med handflata opp, med kryssa fingrar og med sprikande fingrar.

Thomas Hestvold (f. 1957) arbeider i hovudsak med måleri, glasmåleri og grafikk. Han brukar ofte eit abstrakt uttrykk med klare linjer som gir assosiasjonar til color-field painting, ein variant av abstrakt ekspresjonisme kor enkle linjer og felt med reine fargar er både motiv og tema.

Guttorm Guttormsgaard (f. 1938) står bak ei rekkje velkjende kunstverk i det offentlege rommet, som Labyrinten ved Norges arktiske universitet, Campus Tromsø, teglsteinsfasaden til Studentsamskipnadens idrettsbygg, Universitetet i Oslo, og den glasurmåla teglsteinsfasaden til Oslo Spektrum.

Detaljer

Adresse

Magnus Lagabøtes Plass 1, 5010 Bergen

Kunstnere

Thomas Hestvold
Guttorm Guttormsgaard

Ferdigstilt dato

01.01.1995

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Hess
Jan Erik Willgohs

Arkitektkontor

Arkitektgruppen lille frøen as

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk