Den finskfødde kunstnaren Suvi Nieminen lagar ofte skulpturar med utgangspunkt i det spesifikke rommet kunsten skal vere i. På Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen har ho installert det tredelte verket Nexus (1997), som består av to skulpturelle installasjonar og 16 grafiske verk. «Nexus» betyr samanheng eller samling, og verket spelar på kontrastane mellom ulike typar materiale.
Den største skulpturen finn ein i atriet i trapperommet. Frå taket og ned til andre etasje heng det lengder av bølgjeforma, syrefast, rustfritt stålband. I tillegg har kunstnaren sveisa saman stålband til avlange former og tredimensjonale konstruksjonar som er festa til betongavsatsane mellom etasjane.
I fjerde etasje er ei veggflate fylt av 21 små skulpturar som kvar er laga av to kjegleformer, ei i dreidd stål og ei i støypt gummi. Til saman dannar skulpturane eit stormaska rutenett som gir veggen struktur og tekstur.
Stålbanda i trapperommet og veggen med veggskulpturane spelar mot kvarandre gjennom motsetningar i uttrykk og likskapar i materiale. Desse maskinelt produserte verka vert igjen kontrastert av Nieminens 16 grafiske arbeid i kantina. Uttrykket til dei handlaga kaldnålsraderingane skaper ei intim atmosfære.
Suvi Nieminen er utdanna ved tekstilavdelinga ved Konstindustriella högskolan i Helsinki og grafikkavdelinga ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen. Arbeida hennar er mellom anna innkjøpt av Museet for samtidskunst, Bergen kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum og Norsk kulturråd, og ho har hatt oppdrag for kaianlegget i Ulvik og resepsjonen til Statoils hovudkontor i Stavanger. Ho har også vore sensor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og diplomrettleiar og lærar ved Bergen arkitektskole (BAS). Ved fleire høve har ho også vore kunstnarisk konsulent for KORO.