UiB Universitetet i Bergen, Geofysisk institutt

Silketrykk med havmotiv og litografi om kvinnekroppen som attrådd objekt: Oddvar Torsheim illustrerer på sin måte kreftene som driv verda.

Den trufaste brud, Oddvar Torsheim. Fotograf: Ukjent

Om prosjektet

Ved Geofysisk institutt (GFI) ved Universitetet i Bergen føregår det forsking og forskingsbasert undervisning innanfor fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, biogeokjemi og fornybar energi. På nettsida til instituttet blir dette samanfatta som at forskarane prøver å skjøne korleis naturkreftene driv verda. Også kunsten til Oddvar Torsheim (NO) tek for seg krefter som formar verda – spesielt dei som verkar gjennom mennesket.

I kantinen i austfløya av bygget heng det fire litografi og sju silketrykk av Torsheim. Det blir gjerne sagt om bileta hans at dei er humoristiske og surrealistiske og gjer narr av fordommar og vanetenking. Dei detaljrike litografia i svart-kvitt gir skråblikk på kvinnekroppen som attrådd objekt. Den trufaste brud viser til dømes ein mann som ser ei brur med krone og slør når han ser på høgrehanda si.

I silketrykka er uttrykket annleis: Her finn vi variasjonar over eit havlandskap med stiliserte former av fjell, hus og dyr, haldne i blåtonar med innslag av raud- og gulnyansar. Stemninga er roleg, nesten melankolsk. Men i trykket Svart vestlending gir eit smilande faunfjes i silhuett form til villskapen som også finst i havlandskapet og den tilhøyrande kulturen.

Oddvar Torsheim (f. 1938) er utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. Han arbeider med oljemåleri, akvarell, teikning og grafikk. I tillegg har han gitt ut fleire diktsamlingar med eigne illustrasjonar. Han er innkjøpt av Museet for samtidskunst i Oslo, Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Norsk kulturråd, og har hatt oppdrag for m.a. Førde sentralsjukehus og Ålesund sjukehus.

Til Geofysisk institutt er det også kjøpt inn tekstilkunst av Kjersti Øye, eit veggteppe utan tittel som heng i auditoriet i vestfløya.

Detaljer

Adresse

Allegt.70, 5007 Bergen

Kunstnere

Oddvar Torsheim
Kjersti Øye

Ferdigstilt dato

31.12.1984

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Kari Aasen

Arkitekt

Hugo Kaltenborn

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk