Skulpturen Lekende kurver av Laila Aas Birkeland og Britt Bøhme svingar seg leikande lett opp langs den eine veggen på Høgteknologisenteret. Det er som om den ikkje var av stål, men kom drivande med vinden og tilfeldigvis la seg til ro her. Men det var ein krevjande prosess å få den på plass.
Lengder i rustfritt stål på 27 meter er bøygd og sveisa fast i nedgravne betongfundament og i byggfasaden. Ferdig montert er skulpturen 13 meter høg og strekker seg opp til femte etasje. Den eine sida av stålbanda er lakkert i ein blåfarge som liknar innslaga av blått på byggfasaden. I kombinasjon med spiralforma gir det assosiasjonar til ei vass-sklie.
Vatn og kurver er stikkord ein òg kan knyte til aktiviteten i bygget skulpturen lener seg mot. Høgteknologisenteret ligg på Marineholmen i Bergen, eit område kor forsking og næringsliv innan marin aktivitet held til. Bygget vart sett opp i 1989 som del av Universitetet i Bergen, og husar i dag institutta for biologi og informatikk, som har Vestlandets største fagmiljø for marinbiologi og IKT. I statistikk, dataprogram og datagrafikk finst det rikeleg med kurver – i den meir abstrakte tydinga av ordet.
Laila Aas Birkeland (f. 1937) er utdanna ved Saint Martin’s School of Art i London, Bergen Kunsthåndverksskole og Vestlandets kunstakademi. Ho er innkjøpt av Stord Galleri, Bergen Billedgalleri og Norsk kulturråd.
Britt Bøhme (f. 1954) er utdanna ved Vestlandets kunstakademi og Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. Ho har hatt oppdrag for m.a. Tollvesenet i Bergen, Stavanger fengsel og DPS poliklinikk Hamar, og er innkjøpt av Norsk kulturråd, Bulgarian Museum of Contemporary Art i Sofia og Museu de Évora, Portugal.