Norsk helsearkiv

Signe Solbergs kunstprosjekt Follow Rivers ved Norsk helsearkiv på Tynset fortel om levd liv og står i sterk kontrast til arbeidet som går føre seg her: informasjon og formidling av sjukdom og død.

Follow Rivers (2), Signe Solberg. Fotograf: Werner Zellien

Om prosjektet

I nybygde, høgteknologiske Norsk helsearkiv på Tynset står digitalisering i fokus. Dette er staden der alle norske pasientjournalar skal bli digitalisert. Det nye arkivet blir eit sentralt ledd i vårt kollektive helseminne ved at dei eldre, bevaringsverdige pasientarkiva blir gjort tilgjengelege for forskarar og pårørande.

I staden for å reflektere over det teknologiske arbeidet som finn stad her, valde kunstnaren å rette søkelyset på sjølve dokumentasjonen, den som fortel om levd liv.

– Eg var meir opptatt av kva informasjonen eigentleg handlar om. Sjukdommar og død. Slik kom tanken om å få noko levande inn i bygget, seier Signe Solberg.

«Livet» i Solberg sine installasjonar handlar primært om metalloverflater som endrar seg over tid, og om lyset som blir reflektert i blankt, rustfritt stål.

Kunstprosjektet til Norsk helsearkiv har fått plass i dei delane av bygget som dei tilsette og besøkande oppheld seg i. Verka er montert på den monumentale betongveggen i korridoren i første etasje – også godt synleg frå andre etasje – og i vestibylen. I det 2500 kvadratmeter store bygget er det lagt vekt på reine materiale. Tre, betong og vindaugsflater dominerer.

I himlingen i korridoren sørger overlys for at det kjem dagslys ned på hovuddelen av den todelte installasjonen Follow Rivers (1). Den består av 32 patinerte former av koppar i blå og grøne tonar og fire former i blankglødd rustfritt stål. Formene endrar uttrykk avhengig av kva for årstid og tid på døgnet ein ser dei. Metallet er patinert over tid slik at det har oppstått ulike valørar i farge og struktur. Dei blanke delane fungerer som speglar og reflekterer lyset i rommet.

Den andre delen av installasjonen, Follow Rivers (2), er montert i vestibylen og består av fire patinerte former i cortenstål og tre former i rustfritt stål. Cortenstålet har fått patinaen sin frå saltvatn og nedbør.

Signe Solberg (f. 1985) har mastergrad fra Kunsthøgskolen i Oslo, (2006-2011) ved fakultet for visuell kunst.  Ho har hatt separatutstillingar ved Vigeland-museet, Galleri Format Oslo og Bomuldsfabriken Kunsthall, og har deltatt på gruppeutstillingar ved mellom anna Galleri F15, Gustavsberg Konsthall, Les Docs i Paris og Sørlandet Kunstmuseum. Signe Solberg har dessutan produsert eit offentleg kunstprosjekt ved nye Kirkenes sykehus (2017) og er kjøpt inn av Froland kommune, Bomuldsfabriken Kunsthall og Norges Bank.

Detaljer

Adresse

Sjukehusveien 17, 2500 Tynset

Kunstner

Signe Solberg

Ferdigstilt dato

04.06.2019

Kunstfaglig prosjektleder

Janicke Heggem Rudi Iversen , KORO

Kurator

Hanne Cecilie Gulstad

Prosjektleder

Vibeke Norum , Statsbygg

Arkitektkontor

Lusparken Arkitekter AS

Entreprenør

Kjetil Fasteraune , Hent AS

Mottakerrepresentant

Tom Kolvig , Norsk Helsearkiv
Bjørn Børresen , Norsk Helsearkiv

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk