Odderøya renseanlegg

Odderøya er i ferd med å etablere seg som eit kultursentrum både i Kristiansand og i heile sørlandsregionen. Eit stort kunstprosjekt på det nye reinseanlegget kan bidra til å gjere øya til ein attraksjon.

Odderøya renseanlegg. Fotograf: Asplan Viak

Om prosjektet

Odderøya, som ligg rett utanfor Kristiansand sentrum, har i løpet av få år gått frå å vere eit lukka område for Forsvaret til å bli ei bynær frilufts- og fritidsperle. Turgåarar kan glede seg over utsiktsplassar og offentlege badestader, medan kunstnarar, designarar, galleristar og filmskaparar har etablert seg i verkstader og brakker tidlegare disponert av Forsvaret.

Kommunen har planar for vidare utvikling av øya, og i strategiplanen for 2013–2023 er Odderøya lyfta fram som eit viktig kraftsentrum for kunst- og kulturproduksjon i området. Kommunen skal byggje ut reinseanlegget på øya, og ein skal montere ei tretti meter høg ventilasjonspipe i stål. Aktuelle stader for kunsten er den høge pipa, ein stor behaldar for lagring av gass og inngangspartiet til administrasjonsdelen av anlegget.

Eitt eller fleire kunstprosjekt kan gjere anlegget til ein attraksjon og eit landemerke midt i innseglinga til Kristiansand. I den kunstfaglege prosjektskissa er det vist til at dei aktuelle kunstprosjekta kan spele ei rolle for heile Sørlandet, og at dei vil spegle det levande kunst- og kulturmiljøet som alt finst på øya. Det ambisiøse kunstprosjektet kan òg motivere til at ein satsar vidare på kunstprosjekt som kan påverke utviklinga av området i åra framover.
Reinseanlegget skal etter planen stå ferdig i løpet av 2017–2018.

Detaljer

Prosjektansvarlig

Truls Ramberg , KORO

Kunstfaglig prosjektleder

Nina Björkendal

Arkitekt

Asplan Viak

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Delvis tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til andre offentlige arenaer

Milepæler

27.08.2014


Søknad

30.09.2014


Tilsagn