UiB Universitetet i Bergen, Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Geometriske former og spel mellom ulike materiale pregar kunsten som er samla i trapperommet i SV-bygget.

Uten tittel, Gunnveig Nerol. Fotograf: Thor Brødreskift

Om prosjektet

Kjell Varvins (NO) femdelte skulpturinstallasjon U.T. (1993) breier seg over store veggflater, men er halde i eit sobert modernistisk formspråk.

Eit veggmåleri som er utført i akryl rett på betongen, viser lange, bøygde linjer i grått og svart som liksom står i spenn tvers over veggen. Tre skulpturelement i sveisa jern er festa på betongveggen. Dei viser ulike geometriske former med perspektivverknadar. Slik oppstår det ei rørsle i verket frå det todimensjonale til det tredimensjonale.

Gjennom eit måleri som er plassert i eit hjørne heilt oppunder taket, utvidar formspråket seg igjen, men denne gongen frå svart-kvitt til fargar: Måleriet tek opp uttrykket i skulpturane med kraftige, rette linjer, men felta mellom linjene er fylt av ein sterk, sennepsgul farge, som igjen er broten opp av små felt i lysare fargenyansar.

Teikninga som blir tredimensjonal, er typisk for Kjell Varvin (f. 1939), som arbeider mykje med romlege og geometriske former i både måleri, teikning og skulptur. Han har gjennomført kunstprosjekt for ei rekkje offentlege institusjonar, som Lørenskog hus, Utanriksdepartementet i Victoria terrasse og NEPA-bygningen i Beijing.

Også Gunnveig Nerols (NO) glasmosaikk i SV-bygget er å finne i samband med trappene, nærmare bestemt på vindauga som vender ut mot atriet frå fjerde til niande etasje. 2500 bitar av sandblåse glas og farga antikkglas er limt i geometriske mønster på 72 glasruter.

Som Varvin nyttar også Gunnveig Nerol (f. 1958) eit abstrakt formspråk. Ho arbeider med eit breitt spekter av teknikkar og uttrykksformer, og har gjennomført mange offentlege kunstprosjekt. Ein kan nemne Ål vidaregåande skole, Skjold kirke i Bergen og Fekjo kulturminnepark på Geilo.

Detaljer

Adresse

Fosswinckels gate 6, 5007 Bergen

Kunstnere

Gunnveig Nerol
Kjell Varvin

Ferdigstilt dato

31.12.1993

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Hess
Marit Løvstakken

Arkitektkontor

Arkitekt MNAL Lars Lekven

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk